Bjerke_Ingrid-Thinn

Ny dagleg leiar i TLIF

No i mai takka Hroar Braathen for seg, etter 36 år som sekretær og dagleg leiar for Traktor- og Landbruksmaskinimportørenes Forening (TLIF). Ingrid Thinn Bjerke frå Hovedorganisasjonen Virke overtar.

Publisert

TILF har 19 medlemsbedrifter, som står for 98 prosent av marknaden for nye traktorar og 80 prosent av marknaden for maskiner, reiskapar og innandørsmekanisering. Organisasjonen er styrt av eit styre der dei største medlemsbedriftene har fast plass, mens dei mindre har plassar som går på omgang. For tida er det Trond Kjempekjenn, adm.dir. i Eikmaskin, som er styreleiar.

Hroar Braathen frå 1978

Ingrid Thinn Bjerke overtar som dagleg leiar for TLIF.

Hroar Braathen har spesialisert seg på å gjere arbeid for bransjeorganisasjonar som TLIF. Her har han hatt sekretariatet i 36 år. No vert han pensjonist, og ser fram til å drive meir skogsarbeid heime på Bjørkelangen.

Utstilling, statistikk, kontakt med andre...

TLIF står bak den store Agroteknikk-utstillinga på Lillestrøm. Organisasjonen utarbeider ymse statistikkar for medlemmene, og skal elles vere ein interesseorganisasjon som mellom anna gir høyringssvar og held kontakt med offentlege og private institusjonar og organisasjonar i saker der medlemmene har felles interesser.

Til Hovedorganisasjonen Virke

No er det Ingrid Thinn Bjerke som overtar stafettpinnen frå Braathen. Ho er direktør for områda faghandel og industriell handel i Hovedorganisasjonen Virke.

Powered by Labrador CMS