1405-reg-mrk-graf

Nedturen held fram

Som vi er blitt vant med så langt i år: Traktorregistreringane ligg godt under fjoråret, og dårlegare enn normalen også på lang sikt. Massey Ferguson held teten.

Publisert

I reine tal har vi dette: Mai enda på 268 nyregistrerte traktorar. Det betyr drygt ein traktor mindre pr. dag gjennom heile månaden enn i 2013. Mai 2014 er heile 56 traktorar dårlegare enn normalen for mai for alle år frå 2006. Så langt i år er det nyregistrert 1305 traktorar, eit tal som normalt skulle vore passert etter første veka i mai. I 2013 var status på same tida 1511 traktorar. Vi vil ikkje kalle nedgangen dramatisk, men kanskje heller urovekkande.

Skulle vore verre

For å salte såret, kan vi nemne at tala for mai eigentleg skulle vore dårlegare. Tidleg i mai vart det gjort kjent at det ikkje lengre blir kravd laminert frontrute ved typegodkjenning av 50 km/h-traktorar. Dermed vart traktorar som har stått på vent slepte laus, og det er grunn til å tru at desse har gitt eit kunstig høgt mai-tal mot kva vi elles ville fått. Fleire av desse var bestilte for lang tid sidan, og mange skulle vore registrerte på fjoråret.

Kva skjer?

Mange har gått og venta på resultatet av landbruksoppgjeret, og sett traktorkjøpet på vent. Om nokre månader får vi svaret på kva desse meiner om politikken som blir ført. Det skulle ikkje undre oss om 2014 endar opp som eit ganske svakt traktorår.

Store omkast i toppen

"

Som tradisjonen er dette året, er Massey Ferguson på førsteplass, fram 62 traktorar frå fjoråret. I mai månad er rett nok New Holland 13 traktorar større, og John Deere fem traktorar framom. Det er likevel på langt nær nok til å ta att forspranget. John Deere har hatt ein formidabel nedgang frå i fjor, tilbake så mykje som 191 traktorar og nær 10 prosentpoeng marknadsandel. Det er oppsiktsvekkande mykje. New Holland på tredje har framgang, opp 34 traktorar. Med dei gode mai-tala aukar avstanden til Valtra, som har ein skikkeleg dårleg mai. Finnen er den andre verkeleg store taparen på den norske marknaden, ned 124 traktorar frå fjoråret til 147, og med stusselege 26 nyregistrerte i mai.

Sterkt felt bakom

Før om åra har det vore eit tydeleg skilje mellom dei fire store merka og resten. Dette skiljet er no borte. Som du ser av søylediagrammet, er avstanden mellom alle merka ganske jamn. CaseIH er framleis på femte, men har hatt god vekst gjennom året. Også Fendt går godt, med ein grei auke frå i fjor. For Deutz-Fahr er situasjonen enda betre. Å klatre frå 41 til 64 registrerte traktorar i årets første fem månader er ein god prestasjon. Målt i prosentvis vekst er Deutz-Fahr klart best pr. no. Claas gjer akkurat motsett av Deutz-Fahr: Frå 67 nyregistrerte så langt i fjor til 44 så langt i år kvalifiserer for å bli årets tredje største tapar.

Resten

Vidare nedover lista er det jamt over små tal. Iseki gjer eit hopp frå ein til fem nyregistrerte i løpet av mai. JCB doblar frå ein til to nyregistrerte så langt i år, men det er like fullt eit dårleg tal samanlikna med totalt seks så langt i fjor.

Importørane

For nokre år sidan var det stundom uråd å skilje storleiken på dei fire store importørane. No er det enkelt. Eik er klart størst, med nesten 28 prosent av marknaden. A-K følgjer med drygt 25 prosent. Felleskjøpa ligg under 20, mens Lantmännen er halvparten så store som Eik med mellom 14 og 15 prosent. Trass Deutz-Fahrs framgang ligg HCP på seks prosent.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS