sau fjellbeite
sau fjellbeite

MVA-grensa flytta til 150 000, fleire tusen bønder råka

Ved å heve grensa for å vere mva-registrert, strammar regjeringa renneløkka kring halsen på alle dei mindre bøndene i landet. Sjølv med 50 til 70 vinterfôra sau er du under grensa.

Publisert

Usj! Vekk med dei! Eller i det minste, bort med momsregistreringa til bonden, seier regjeringa Solberg, til alle som einast driv med mindre enn sånn omlag 70 vinterfôra sau, og alle andre som driv med under 150 000 i mva-pliktig inntekt.

Det spesielle for landbruket, er at ein stor del av omsetninga er utan mva. Dermed kan du fint ha 300 000 i inntekter og likevel ikkje vere over grensa på 150 000 kroner som regjeringa no dreg opp, seier Arnfinn Gjerdåker i Landbruksdata Voss as. I dag er kravet for mva-registrering 50 000 kroner i mva-pliktige inntekter.Gjerdåker sitt selskap leverer rekneskapsprogram til landbruket. – Dette er alvorleg for mange. I beste fall har det ikkje vore tenkt på landbruket når denne grensa er trekt opp. Særleg ille er det for folk som skal etablere seg, sukkar Gjerdåker.

Etableringsfiendtleg

Om du ikkje er mva-registrert frå før, kan du søkje om å få tilbakebetalt mva for inntil tre år bakover i tid frå det året du bikkar mva-grensa. Overtar du ein gard som ikkje er mva-registrert, og må investere i bygningar, maskiner og buskap for å få drifta opp å gå, vert situasjonen langt meir krevjande med den nye grensa.– Sjølv i dag er det mange som strevar med å nå 50 000 i mva-pliktig omsetning på tre år. Sett at du kjøper traktor og reiskap til ein halv million, og brukar ein million på oppgradering av bygningane. Det er nøkterne tal. I tillegg kjem kostnaden til å bygge buskap. I landbruket får vi ikkje full produksjon i neste månad, heller ikkje neste år. Sjølv etter tre år kan det halde hardt. Ein ting er at du må forskottere momsen du la ut dei første åra av eiga lomme. Om du då ikkje klarer grensa etter tre år, blir alle investeringane 25 prosent dyrare. Halvannan million investert i bygningar og reiskapar har moms på 375 000, og med gjeldsrenter på forskoteringa av dette ballar det fort på seg.

Seigt også med stabil drift

Sjølv etablerte bønder med stabil drift kan bli hardt råka. Mange er i den storleiken at dei har eksempelvis 50 til 70 sauer, noko som er rekna som ein kurrant storleik på buskapen i store delar av landet. Desse har ofte anna lønsarbeid utanom, og få andre næringsinntekter enn slakteoppgjeret.

Grovt rekna kan vi sjå korleis endringa slær ut, i desse to reknestykka Bedre Gardsdrift har sett opp: Døme 1: Enkel drift, berre husdyrproduksjon med slakteoppgjer, drifta går i null.Slakteoppgjer: 100 000 kr (mva: 25 000 kr) Tilskot: 100 000 kr (mva: 0 kr) Utgifter: 200 000 kr (mva: 50 000 kr) Resultat: 0 krMva-rekneskap i dag: Får tilbake 25 000. Mva-rekneskap H/FrP-framlegg: Får tilbake 0 kr. Vil reelt gå med kr 25 000 i minus.Døme 2: Enkel husdyrproduksjon. Elles ikkje inntektspotensiale. Drifta går med overskot Slakteoppgjer: 140 000 kr (mva: 35 000 kr) Tilskot: 140 000 kr (mva: 0 kr) Utgifter: 220 000 kr (mva: 55 000 kr) Resultat: 60 000 kr Mva-rekneskap i dag: Får tilbake 20 000. Mva-rekneskap H/FrP-framlegg: Får tilbake 0 kr. Vil forverre resultatet frå 60 000 til 40 000.

Opnar for meir useriøse handverkarar

Den nye mva-grensa gjeld sjølvsagt også handverkarar, småentreprenørar og alle andre som driv næring. – Eg går ut frå at denne saka får brei omtale i polske aviser, kommenterer Arnfinn Gjerdåker. – Kan du halde deg under 150 000 i mva-pliktige inntekter, treng du heller ikkje krevje inn mva. Arbeider du for private, blir du mykje billegare enn ein som må krevje inn momsen. Det kjem nok mange til å utnytte. Har du eit lite snekkar- eller entreprenørfirma på sida av gardsdrifta, med låge utgifter, er det fint for deg om du har lita omsetning. Driv du litt større, blir konkurransen veldig urettferdig. Til no har det ikkje vore særleg meining i å la vere å momsregistrere seg når grensa går på 50 000 kroner, mens den nye grensa opnar for nye måtar å drive kreativt, lovleg og billegare for kunden. Det er ingenting i vegen for deg å ha dei tre selskapa Bygdasnekkaren 1, Bygdasnekkaren 2 og Bygdasnekkaren 3 – alle saman med oppunder 150 000 i mva-pliktige årlege inntekter som du slepp å krevje moms på. For å tene akkurat like mange kroner på akkurat same jobben, må Snekkarlaget AS ta 25 prosent høgare betaling, for dei betaler moms, forklarer Gjerdåker.

Tilbakeverkande kraft

Reglane er foreslått innført frå 1. januar 2015, på slikt vis at om omsetnaden din i 2012, 2013 og 2014 ikkje var over 150 000 kroner, vil du bli sletta frå mva-registeret frå 1. januar 2015.

Varslar meir ugreie

Regjeringa har også varsla at dei vil greie ut å flytte grensa for å levere næringsoppgåve frå 50 000 til 150 000. Det tykkjer Gjerdåker er ugreitt av fleire grunnar: – Blir grensa heva, vil vi få fleire som driv utan at styresmaktene har innsyn i økonomien. Det opnar for fleire useriøse. Dette er samstundes eit indirekte signal om at regjeringa ikkje ser på drift av mindre omfang som næring, men som hobby.

Sjølv om grensa for bokføringsplikt blir justert, skal summane for inntekter og utgifter førast på sjølvmeldinga. Finansdepartementet hevdar at endringa vil spare mange for utgiftene til rekneskapsarbeidet, og at bedriftene såleis vil vinne økonomisk på endringane.

–Med ei omsetning på 150 000, er det ikkje berre å legge kvitteringar i ein pose og trykke inn nokre få tal på kalkulatoren. Det departementet her snakkar om heiter forenkla næringsoppgåve, som er eit vedlegg til sjølvmeldinga, og skilnaden på å sette opp tala i ei forenkla opgåve eller å føre vanleg rekneskap er neimenn ikkje stor, kommenterer Gjerdåker. - Med såpass store tal vil likningsstyremaktene ha behov for å kunne føre kontroll. Eg kan ikkje forstå at dette framlegget vil gjere situasjonen betre for nokon.

Blir ikkje lengre tatt seriøst

Det at seriøst godt arbeid blir omklassifisert til hobby, som jo vil vere realiteten for mange, opplever Gjerdåker som provoserande. – Det er ei nedsettande haldning at ærleg arbeid ikkje blir tatt på alvor som næring. Dei grensene regjeringa er i ferd med å teikne opp er beint ut respektlause for dei mange tusen norske bøndene som kvar dag gjer ein skikkeleg innsats for å produsere noko så viktig som mat, men som gjer dette i eit begrensa omfang. Den jorda desse driv i dag, ville mest truleg gått ut av drift om det ikkje var for desse fleire tusen menneska som regjeringa no vil omklassifisere til hobbybønder.