1402reg-graf
1402reg-graf

Litt slapp februar

Til vanleg er februar svakaste traktormånaden i året. I år er den ekstra slapp. John Deere og Valtra deler skulda for tilbakegangen, mens MF og New Holland kompenserer med fine plusstal.

Publisert

Toppen av tabellen er ganske så omsnudd frå normalen. Massey Ferguson er no på førsteplass, når vi summerer årets to første månader. New Holland var nummer ein i januar, med éin traktor i margin, men har no bytt til seg andreplassen. Mens MF går opp 22 traktorar, er New Holland opp 12 traktorar frå fjoråret.

John Deere og Valtra på nedtur

For andre månad på rad held John Deere stand på nederste trinnet på pallen, med omlag to tredelar så mange nyregistrerte som på same tid i fjor. Enda verre står det til med Valtra, som har halvert registreringstala sine.

CaseIH og dei lysegrøne

A-K maskiners raude traktor er med på å pynte statistikken med pluss i boka. Fendt gjer ein enda betre jobb for Eikmaskin, om vi skal sjå på utviklinga frå i fjor til i år. For ikkje å snakke om Deutz-Fahr. Den andre av dei tre lysegrøne traktorane har kjempeframgang etter to månader, med 20 fleire traktorar registrerte etter to månader enn fjorårets åtte. Den tredje lysegrøne, Claas, dinglar med i roleg tempo, ein traktor bak fjoråret og med 3,1 prosent marknadsandel.

Vending rundt tiandeplassen

Niandeplassen er delt mellom Kubota og Zetor. Begge er litt fram. McCormick er nede på plass nummer 11, med seks registrerte mot fjorårets 15. Her er nye modellar i kjømda, noko som kan vere litt av forklaringa.

Spenning i lufta

Totalmarknaden har gått tilbake 40 traktorar til no i år, og heile droppen kom i februar. Skal vi vere ærlege, er der veldig mange faktorar knytt til framtida for landbruket som vi for tida er enda meir spente på enn utviklinga i traktormarknaden, men når det er sagt: Registreringsstatistikken kan reknast som febermålaren som i alle fall gir ein indikasjon på korleis helsetilstanden i landbruket er.

Sånn er starten på traktoråret 2014. Framhaldet blir interessant.