mf 6600 veg

Klart for 50 km/h att

Traktorbransjen kjem med eit forsiktig avdempa Hurra, etter at Statens Vegvesen på instruks frå departementet gir generelt unntak for kravet om laminert frontrute på T5-traktorar.

Publisert

50 km/h-utgåvene av MF 6600-serien har einast kunne stå til pynt fram til no, fordi Vegdirektoratet (som dei einaste i Europa) har kravd laminert frontrute for å typegodkjenne traktorane.

Brevet frå Vegdiretoratet til trafikkstasjonane er datert 8. mai, og gjeld med umiddelbar verknad. Det betyr at alle traktorane som står på vent for å bli godkjende for 50 km/h endeleg kan sleppe gjennom nålauget, og at komande 50 km/h-modellar kan kome inn på marknaden utan unødige hinder.

Slutt på kjeppar i hjula?

Grunnen til spørjeteiknet i overskrifta og den forsiktig avdempa responsen frå bransjen, er at erfaringane i denne saka er av typen at ikkje før er eine kjeppen i hjulet ute, så står der ein ny. Difor blir ikkje jubelen slept laus før første traktorane reelt står der med skilt på, men håpet er at alle hinder no er rydda av vegen.

Att og fram: Forventar EU-reglar som ikkje kjem

I gamledagar, altså fram til 2005, gjekk det greitt å få typegodkjenning av raske traktorar. Midt på sommaren det året bestemte Vegdirektoratet seg for å innføre det dei trudde ville bli EU sine nye reglar for raske traktorar, eit regelverk ingen andre land i EU handheva. Difor instruerte dåverande samferdsleminister Liv Signe Navarsete Vegdirektoratet i gi dispensasjon frå desse krava frå desember 2007, avgrensa til 1. januar 2010.

...og att og fram: Datoen som vart gløymt

Den datoen gløymde både traktorbransjen og Vegdirektoratet, heilt til direktoratet brått og utan forvarsel oppdaga at dei skulle sjå bort frå dispensasjonen kring nyttårstider i 2013. Frå då vert det bom stopp på ny.

...og att og fram: Krav om tørrbrems-test på våte bremser

Frå straks utpå nyåret i 2013 kravde nemleg direktoratet først at bremsene på raske traktorar (som går i oljebad) skulle vere godkjende etter same standard som bremser som går tørt. Etter mykje styr, og denne gongen ein instruksjon frå samferdsleminister Marit Arnstad i kjølvatnet av eit spørsmål frå stortingsrepresentant Bård Hoksrud, godtar direktoratet at raske traktorar kan ha bremser i oljebad og testast deretter.

...og att og fram: Den unike laminerte frontruta

New Holland sine trinnlause T6-modellar har stått på vent, i mangel på laminert frontrute. Det same med modellar i tilsvarande storleik frå CaseIH, der kunden ynksjer 50 km/h. Frå i dag er ventetida over.

Neste kjepp i hjulet var at det norske Vegdirektoratet, som einaste myndigheit i Europa, krev at raske traktorar skal ha laminert frontrute, eit krav dei forventar skal bli fylt frå 1. juli 2013. Traktorar i Europa, og forresten også elles i verda, blir laga utan laminert frontrute. Einast med nokre heilt få unntak der det finst laminerte ruter for å dempe støy, eller fordi ruta har varmetrådar. Ingen har det av omsyn til trafikktryggleiken, og det vil heller ikkje bli stilt krav om laminert rute på 50 km/h-traktorar frå EU i framtida. Traktor- og landbruksmaskinimportørenes Forening (TLIF) har sendt brev og vore i møte rett som det er med direktoratet, men det var først etter at Samferdsledepartementet kom på bana med eit brev sist i april at direktoratet bestemte seg for å gi etter, og tillate typegodkjenning av raske traktorar utan laminert frontrute. Det høyrer med til soga at departementet er blitt informert om saka av traktorbransjen, og at emnet også har vore tema på møte mellom departementet, TLIF, Bedre Gardsdrift og Norges Bondelag.

Endeleg fritt fram for trygge raske traktorar

Så sant der ikkje ramlar ut fleire rare ting frå skapet, er det no fritt fram for å få typegodkjenning på traktorar med 50 km/h som toppfart. Vi kan heller ikkje sjå at der ligg inne klausular og avgrensingar i tid som dempar gleda. Klok av erfaring tilrår vi ikkje at kaka bakt før dei første raske traktorane har fått papira sine, men ingrediensane til festkaka kan kjøpast.

Powered by Labrador CMS