1312reg-graf
1312reg-graf

Greitt traktorår

John Deere kan feire tidenes beste resultat. MF kuppar andreplassen, mens to traktorar skil Valtra på tredje og New Holland på fjerde. Fendt tar ny pers, mens HCP stuper. Totalt: 3810 traktorar.

Publisert

Etter eit år med forferdeleg mykje rot med registrering av 50 km/h-traktorar, er det sett sluttstrek under eit tal som er ganske greitt, trass politisk uro.

Sterk desember

Som vanleg er desember svært bra. Mange faktorar bidrar i den retninga. I år er der to viktige moment som vi må legge ekstra vekt på. Det eine er at fleire av traktorleverandørane har varsla prisauke på grunn av valutasituasjonen frå nyttår. Det andre er at mange av traktorane som er tatt inn med 50 km/h-transmisjon er blitt enkeltgodkjent og registrert etter ei dispensasjonsordning i julemånaden. Den situasjonen blir mykje verre no etter nyttår, om ikkje arbeidet som Bondelaget, traktorimportørane og Bedre Gardsdrift held på med lukkast.

Over snittet fram til spurten

Første delen av året såg veldig lovande ut. Status etter ti månader var eit registreringstal på høgde med eller vesentleg betre enn alle åra frå 2008 til dags dato. Så kom november med uvanleg dårlege tal, som både kan skuldast depresjonar etter valet og ugreie med typegodkjenning av nye 50 km/h-traktorar. Desember er brukbart bra og hentar inn litt av det tapte, men utmerkar seg likevel ikkje som nokon utanom-det-vanlege sterk månad. Med ein slik førjulsvinter i minne, er det heilt uråd å spå kva som skjer i 2014.

Tidenes beste for John Deere

" John Deere vinn suverent. Aldri før har John Deere registrert fleire traktorar i Noreg på eitt år. Stort meir er det ikkje å seie om den saka. Lokomotivet på traktormarknaden drar ifrå alt av konkurrentar, er nesten dobbelt så stor som kvar av dei tre andre store, og imponerer med 4,4 prosentpoeng vekst i marknadsandelen. Totalmarknaden er opp 155 traktorar. John Deere åleine er opp 207 traktorar. Dette må feirast med meir enn kake. Sjølvsagt monnar det at kvar tredje traktor i desember er ein JD, men bortsett frå november har eigentleg hjorten gjort det jamt bra kvar einaste månad. Tidlegare bestenotering for John Deere var 1060 i 2007. No er den rekorden lagt i grus. Vi tar av capsen og bukkar i respekt.

Bikkjeslagsmål om sølv og bronse

I februar klatra Valtra opp på andre, og der har dei halde seg kvar einaste månad etterpå. Fram til desember. Massey Ferguson har hevd på den plassen der etter desemberspurten, tykkjest det sjå ut til. Og slik gjekk det altså: MF fekk skilt på 26 fleire traktorar enn Valtra i desember, og er dermed 20 traktorar framom i samanlagtresultatet.

To traktorar mellom tredje og fjerde

Enda meir dramatisk blir det når vi nemner New Holland. Med 97 nyregistrerte i desember, som er eit formidabelt tal i høve til sluttsummen for året, klarte nesten den blå å snyte Valtra for bronseplassen. Berre to traktorar skil dei to. Og altså er det berre 22 traktorar frå fjerdeplass til andreplass – mens det er 486 frå andre til første.

MF mykje tilbake

For Massey Ferguson er det fint med andreplass, men resultatet er vesentleg svakare enn i 2012. 80 traktorar tilbake og ned 2,9 prosentpoeng i marknadsandel er nok skuffande for Eikmaskin. Valtra går fram 57 traktorar, og aukar marknadsandelen med litt mindre enn eitt prosentpoeng. Vi må fem år tilbake før vi finn høgare registreringstal for Valtra. Også New Holland går fram om vi tel traktorane, men marknadsandelen er i praksis den same som i 2012. For New Holland må vi tilbake til 2007 for å finne eit betre resultat i tal traktorar.

Godkjent for CaseIH

A-K maskiner går samla sett litt fram, for også CaseIH aukar litt meir enn totalmarknaden, på sin veletablerte femteplass.

Toppår for Fendt

Eikmaskins tyske flaggskip har eit svært sterkt år, med heile 207 registrerte traktorar, mot 155 i hele 2012. I marknadsandel er det berre John Deere som har større framgang, men målt mot eigne tidlegare prestasjonar er Fendt det merket som har største framgangen. Det kompenserer sjølvsagt ein heil del for tilbakegangen med MF, men ikkje nok til å hindre Eikmaskin i å gå tilbake trass vekst i marknaden.

Nedtur for Deutz-Fahr

Mellom importørane er HCP årets store tapar. Deutz-Fahr går omlag like mykje tilbake som Fendt går fram, og ramlar ned til sjuandeplass på lista. DF har ein tilbakegang på 23 prosent, frå 201 til 154 traktorar, og det er mykje. Når det er sagt, må vi hugse at 2012 var det beste året for Deutz-Fahr i moderne tid, og 2013 er trass alt det nest beste året. Tar vi med Same og Lamborghini, som no i praksis går i null, blir situasjonen litt annleis. Talet registrerte traktorar av alle merke frå dagens SDF-group var omlag dobbelt så stort sist på 90-talet målt mot 2013. At Zetor samstundes ramlar 33 traktorar frå 101 til 68 bidrar til meir salt i såret hos HCP. Zetor har ikkje gjort det dårlegare sidan 2002.

Ikkje kult å vere lysegrøn

Heller ikkje Claas har hatt den heilt store suksessen mellom norske bønder i 2013. Ned frå 165 til 148 traktorar er ikkje der Claas vil vere. Faktisk er dette det nest dårlegaste året til Claas traktorar i Noreg nokon gong. Berre 2009 var verre, men så var da også 2009 dårlegaste traktoråret i manns minne.

McCormick konsoliderer

Tradisjonsrikt namn er ikkje nok. McCormick har fått fotfeste her og der kring sterke lokale forhandlarar, men ser ikkje ut til å klare å erobre meir enn distriktsvise marknader. 2012 var veldig svakt, mens 2013 er omlag som 2010 og 2011. Omlag halvparten av toppåra midt på 2000-talet. Heilt greitt, verken meir eller mindre.

Kubota vender tilbake

Japanske Kubota er kanskje det merket som har mest omtale i høve til marknadsandelen, men her skjer det spennande ting. 2013-resultatet med 39 registrerte traktorar, 11.plass på lista og 1,0 prosent marknadsandel er kan hende ikkje det som får dei store til å skjelve i buksene. Men retninga er verd å merke seg, kombinert med at Kubota satsar tungt mot Europa i åra som kjem. 2013 er Kubotas beste år i Noreg sidan 80-talet, og vi ventar spent på framhaldet.

Normalår for JCB

Den engelske hurtigtraktoren ser ut til å ha gått tilbake, om vi berre jamfører 2013 med 2012. Realiteten er at JCB i praksis står bom stille. Gjennomsnittet for dei siste 10 åra er 19 stk. JCB pr. år. For ei slik spesialmaskin må det til meir enn eitt år for å sjå samanhengane, så vår konklusjon er at her er alt heilt på det jamne.

Småmerka mykje tilbake

Traktorane frå plass nummer 13 og ned til botnen av lista har fått registrert ein til 12 traktorar siste år. Bortsett frå Landini og Belarus er dette småtraktorar eller spesialtraktorar. I denne gruppa blir det også leverte traktorar som ikkje er registreringspliktige, som dermed heller ikkje kjem med i statistikken. I sum er det siste år registrert 79 traktorar frå 15 merke. I 2012 var talet 111 stk. frå 19 merke. Då var marknadsandelen for dei små i sum 3,0 prosent. Den har gått ned til 2,1 prosent siste år. Dette kan tyde på at dei store merka tar ein større del av marknaden for små og billege traktorar.

Importørane

Festdagane vil ingen ende ta hos felleskjøpa: Marginane er ikkje like store som i merkestatistikken, men førsteplassen på importørstatistikken er soleklar. A-K har framgang og vinn andreplassen. Eik må klatre ned til tredje, for Fendts framgang kompenserer ikkje MFs nedtur. Lantmännen leverer takka vere Valtra fleire nyregistrerte traktorar enn førre året, men endar på fjerdeplass.Her er lista: Felleskjøpa: 1071 (+207) A-K maskiner: 817 (+49) Eikmaskin: 792 (-28) Lantmännen maskin: 713 (+40) HCP: 222 (-80) Lena og Aase: 77 (+1)

Detaljar kjem i BG 1/2014

Tradisjonen tru finn du den mest innhaldsrike og gjennomarbeidde registreringsstatistikken for den norske traktormarknaden i Bedre Gardsdrifts januarnummer, ute i slutten av månaden. Ein god start på det nye året kan vere å teikne abonnement på største landbruksbladet i Noreg...

"