goweil g-1

Göweil med proffpresse

Austerrikske Göweil startar produksjon av rundballepresser, med ei interessant fastkammerpresse med fleire unike løysingar. Til dømes kan den legge breiplast over skuldra på ballen.

Publisert

Göweil si nye presse, her vist som singel, er ein interessant nykomar med fleire nye detaljar.

Pressa kjem både i singelutgåve og som kombi. Eit viktig mål med utviklinga av pressa har vore å gi den lang levetid. Pressa vert omtalt som solid bygd, og den seiest å ha høg eigenvekt. Den skal tole dobbelt så stort dreiemoment som andre presser på marknaden i dag.

Breiplast over kanten

Til no har presser med breiplast ikkje klart å dekke det aller viktigaste området av ballen, nemleg kanten. Göweil klarer det, men plasten går ikkje meir enn nokre få centimeter ned over sida. I presentasjonen av pressa er ikkje dette momentet omtalt særleg mykje meir enn som så.

Pickup med pendling og kunststoff

Pickup og innmating er løyst annleis enn kva vi har sett før. Den 2,2 meter breie pickupen har sentralt oppheng og tillet stor pendling. Tindane går i føringar av kunststoff, så dei lagar lite lyd. For å sikre at alt fôret blir med inn, ligg doble rullar over pickupen. Draget kan leverast med hydraulisk knekk, så du kan heve fronten av pressa ekstra høgt og med det gi større bakkeklaring for pickup under transport.

Stjernerotor arbeider oppover

Den åttekanta Hardoxforsterka stjernerotoren ligg under innmataropninga, og roterer oppover. Framom denne ligg ei hydraulisk driven glatt valse som jamnar ut strengen som vert ført inn. Drifta av stjernerotoren blir tatt ut på ei side av girboksen, mens drifta av rullane går ut på den andre sida. Her er ingen bryteboltar, men overbelastningskopling som vi kjenner frå påkosta kraftoverføringsakslingar.

Byt knivar mens du står

Dei 30 vendbare knivane er overliggande. Det betyr at dei er lette å kome til, og du kan enkelt plukke dei ut og inn utan bruk av verktøy mens du står oppreist framom pressa. Det er laga til ein eigen knivhaldarbjelke i overkant, for knivar som ikkje er i bruk. Inn- og utkopling av knivane skjer sjølvsagt hydraulisk. Ved at knivane heng ned oppefrå, er risikoen for steinskade redusert, då tyngdekrafta vil hjelpe til som best den kan.

Automatisk vern mot tilstopping

Om det kjem inn for mykje gras i strengen, vil den glatte valsen og knivane bli løfta opp automatisk, for å hindre tilstopping, før dei går tilbake i arbeidsstilling. Om du brått får for mykje gras i ballen på slutten, så du med ei anna presse ikkje ville klart å binde den, vil Göweil-pressa opne bakluka eit par centimeter, slik at du får fullført bindinga.

Dobbel binding

Pressa legg på to lag plast eller nett om gongen. Dette er eit illustrasjonsbilete, for det å blande nett og plast lag for lag blir i meste laget med kaos.

Pressa kan binde med nett eller plast, i begge høve med dobbelt sett rullar. Det meiner Göweil skal gi nær halvert tidsbruk, i og med at det vert lagt på to lag på ein gong. Pressa har automatisk sentralsmørjing for feitt og olje, og bak sidedeksla er der spakar som kan betjene dei viktigaste hydraulikkfunksjonane mens du driv vedlikehald.

Pakkebord på skinner

Pakkebordet på kombipressa går på skinner. Den ferdige ballen fell direkte frå pressekammeret til bordet når bakluka opnar, før bordet kjapt flyttar seg bak til pakkeposisjon mellom dei doble overhengande satellittarmane. Når ballen skal leggast av, går bordet bak og ned, så fallhøgda blir lita. Göweil var først ute med kombipressser, ved at dei tok singelpresser frå andre produsentar og bygde på ein pakkar. Største skilnaden her er at pakkaren er integrert med ei presse av eigen avl. Pressekammeret er 120 cm breitt og har ein diameter på 125 cm. Dei 18 profilerte valsene har innvendig forsterking

Kva med Noreg?

Reiskap frå Göweil har til no vore sporadisk importert til Noreg. Lena Maskin har dei seinare åra importert noko handteringsutstyr for rundballar. Det er god grunn til å tru at blå maskiner frå Austerrike er meir attraktive no, som produktfamilien også inneheld ei interessant presse. Samstundes er produktpalettane til alle dei store importørane velfylte frå før, så det vil ikkje vere lett å skvise ut noko anna merke og få tilgang til landsdekkande forhandlarnett.Kort tid før Göweils presse-presentasjon lanserte landsmennene i Pöttinger sine rundballepresser. Også der er det fleire unike løysingar, men Pöttinger har ikkje slept like mykje informasjon om dei tekniske detaljane enno. Det som i alle fall er sikkert, er at dei to nye austerrikske pressene heilt klart er ulike. Göweil melder at produksjonen av rundballepressa G1-F125 startar til sesongen 2015, men familien skal utvidast ganske snart.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS