1406-reg-mrk-graf

Første halvår: 1582 traktorar

Traktormarknaden held fram å vere daff. Også juni var svakare enn normalt. Den store nedturen må John Deere og Valtra som dele ansvaret for. Massey Ferguson held førsteplassen.

Publisert

Vi har ikkje gått djupt inn i tala, men John Deeres store nedtur kan kanskje forklarast med bortfallet av 5R. I Bedre Gardsdrift nr 5 2014, som abonnentane våre kan vente i postkassen omlag på denne tida, prøvekøyrer vi 6RC, og slår fast at den ikkje er nokon direkte etterfølgar til storsuksessen 5R.

5R og politikk

Sjølv om John Deere sin tilbakegang åleine er nesten like stor som tilbakegangen på totalmarknaden, er det nok andre forklaringar på den samla nedgangen. Mange av dagens traktorkundar er ikkje meir lojale enn at om den eine ikkje kan by dei den traktoren dei ynskjer, går dei til ein annan. Det vil vel neppe overraske mange om ei til dels stor politisk uro gir utslag på det febertermometeret som registreringsstatistikken på mange vis er for landbruket. Samtlege månader i år har ligge under snittet for dei åra vi har månadsstatistikk for, og vi ligg også godt bak fjoråret. I nyare tid er det berre 2009 og dels 2010 som kan skilte med såpass svake registreringstal.

Kunstig høgt pga 50 km/h

Tala for mai og juni er kunstig høge, og inneheld traktorar som skulle vore registerte for mange månader sidan. Grunnen til det er alt trøbbelet enkelte av importørane hadde med å få typegodkjent nye modellar med 50 km/h som toppfart. No er proppen løyst og 50-traktorane strøymer ut utan store hinder. Alle merka med tosifra pluss-tal i tabellen over endring frå 2013 til 2014 har vore særleg plaga av dette. Dette etterslepet vil nok roe seg noko framover. 50 km/h-etterslepet verkar såpass mykje inn på balansen mellom merka om vi skal sjå på juni åleine at det ikkje gir noko stor meining å kommentere dei tala isolert.

Ikkje lenger fire store

Dei seinare åra har vi hatt fire merke som har kjempa tett opp pallplassering, og fire importørar som har vore nesten jamstore. Trass John Deeres tilbakegang held hjorten ein solid andreplass på merkestatistikken. Den innbyrdes avstanden mellom dei tre i tet er liten. Verre er det med Valtra. Avstanden ned til CaseIH på femte er berre halvparten så stor som avstanden opp til New Holland på tredje. Importørstatistikken viser litt same tendensen. Vi har no to jamstore importørar i Eikmaskin (27,2 prosent) og A-K maskiner (26,3 prosent). Deretter følgjer felleskjøpa på 19,6 prosent, mens Lantmännen maskin må nøye seg med 14,9. Etter John Deere og Valtra er nemleg Lantmännen-importerte Claas den tredje største taparen i marknaden, målt både i tal traktorar og i marknadsandelar. Til skilnad frå A-Ks CaseIH og Eikmaskins Fendt, som begge gir eit godt tilskot til hovudmerka hos sine respektive importørar.

Dei andre

Deutz-Fahr er også på lista over merke som gjer det bra for tida. Elles er det heller små utslag i tal traktorar, men vi kan notere at McCormick er på to tredelar av fjorårsnivået, og JCB har berre fått registrert tre så langt i år, mot åtte etter halvgått løp i fjor. Begge desse er importerte av Lena Maskin. Kubota er ørlite fram, mens Zetor litt etter litt slakkar meir og meir akterut.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS