opefjøs eid1 sau

Formidabelt frammøte på fjøssafari

Det var truleg nærare 300 frammøtte då Eid Sau og Geit og Eid Bondelag inviterte til opne fjøs sist helg. Innan kort radius var tre fjøs klare til å ta imot skodelystne frå fjern og nær.

Publisert

Fôrkasse, kraftôrautomat og plastrister hos Knut Tore Nes Hjelle.

Arrangementet starta hos Knut Tore Nes Hjelle, der eit nytt kaldt tilbygg på fjøsen skal kunne romme over 80 vinterfôra sau. Her er det plastrister til golv, kjøpt islandsfôrhekk frå Fjøssystemer, kraftfôrautomat frå Bio Control, sorteringsanlegg og lammingsboksar frå Knarrhult, og tilstøytande reiskapshus og gammalfjøs kan brukast i lamminga.

Påbygg på tradisjonelt fjøs

Påbygd tradisjonell isolert fjøs hos Anne Moen, med to langsgåande fôrbrett (Foto: SFj S&G).

Hos Anne Moen fekk folket sjå ein påbygd isolert sauefjøs med to langsgåande fôrbrett og takhengt fôringsband mata frå ein Serigstad rundballekuttar med transportband. Moen sitt tilbygg er nokre få år gammalt, og der vart lagt eit komposittgolv som har vist seg å ikkje fungere som venta. Fjøsen er fleksibel ved at nokre av bingane også kan nyttast til kalv, og tilbygget har også gitt plass til eit høgt verdsett vaktrom.

Talle og tørre ballar

Tallefjøs med gang langs veggane og islandshekk i eine enden hos Arve Dahl.

Den tredje fjøsen høyrer til Arve Dahl. Denne har vore i bruk i fem år. Der går dyra på halmtalle. Langs veggane er der driv- og fôringsgang, mens dyra et frå ein heimebygd islandshekk oppå ein pall. Halmforbruket er oppsiktsvekkande lågt til å vere på desse kantar, takka vere godt fortørka rundballar. Vi skal heller ikkje gløyme detaljar som store vindauge, henta gratis på ein skule, plastblomar i glaskarmen, bilete på veggane og friske fargar på portar og dører.

Grundig evaluering

Praten mellom dei frammøtte tydar på at det vide spennet i løysingar gav mykje å spekulere på, samstundes som det viser seg at små fjøs er godt eigna til å trekke folk. Alle tre fjøsa høver for buskapar kring 80 dyr, og det er nok grunnen til at folk kom med minibuss og med fulle bilar frå Sunnmøre og frå alle kantar av Sogn og Fjordane. Forutan at dei tre vertane tok imot folk med opne armar og fjøsdører, stilte representantar frå Nortura, Norsk Landbruksrådgivning, Fjøssystemer, Felleskjøpet Agri og Innovasjon Norge.

Burger, kaffi og kaker

Tilstrøyminga var over all forventning, og dei frammøtte fekk litt å tygge på attåt det faglege. Nortura stilte med 600 pølser og hamburgarar, og kvar ein smule vart oppeten. Attåt varmmaten var det i nordfjordsk tradisjon sett fram heile 20 kaker, fleire av dei av typen ekstra-ekstra-stor, og vertskapet uroa seg før arrangementet over kva dei skulle gjere med alle restane. Den bekymringa var grunnlaus, for då siste besøkande rusla mot bilen, var det att akkurat nok kake til ein veldig liten nisteboks.

Powered by Labrador CMS