1409-reg-mrk-graf

Ein liten opptur

For mange bønder har hausten 2014 vore ein kjærkomen opptur. Så også for traktorbransjen. 246 nye traktorar har fått skilt, og det er omlag som normalt.

Publisert

Kvifor snakkar vi om opptur når både året under eitt og september åleine ligg langt bakom fjoråret, spør du kanskje. Fordi september faktisk, til å vere ein månad i 2014, ikkje er så ille. Ser vi på gjennomsnittet for dei fem siste åra, som du ser i grafen lengst nede i artikkelen, må vi kunne vere litt positive. Ikkje at oppturen fører til dei heilt store endringane samla sett: Rekkefølgja er som den brukar å vere. Etter tre av fire kvartal av 2014 ligg vi framleis an til ein totalt registreringstal når året er omme så lågt at vi sjeldan har sett på maken. Om traktorsalet, og med det registreringane, held same kurs ut året som dei har gjort til no, endar vi på ein totalmarknad mellom 2800 og 3000 traktorar, om vi tar utgangspunkt i normalfordelinga mellom månadane og registreringstala til no i år. Tidlegare har vi måtta hatt finanskrise eller halvannan periode med Gunhild Øyangen som landbruksminister for å nå tilsvarande låge tal. Berginga dette året kan bli at bønder i dei fleste område av landet har hatt eit godt år reint avlingsmessig. Maskinbransjen kryssar fingrane for at det skal utløyse eit snev av investeringsvilje. Gjerne kombinert med at 50-lappen har skapt eit visst positivt engasjement.

Midt-på-treet-månad

September brukar å ligge ein plass kring 240 traktorar. Dei to føregåande åra litt høgare, finanskriseåra litt lågare, i åra før der nokre år litt over og nokre år litt under. Slik sett er det heilt greitt med 246 traktorar denne månaden. Faktisk er årets september den første som ligg over månadssnittet for aktuell månad gjennom alle dei åra Bedre Gardsdrift har ført månadsstatistikk, med 246 mot normalt 240 traktorar i september.

MF framleis først

Massey Ferguson held seg fremst i løypa, men må passe seg. John Deere har fått opp tempoet, og ligg no berre 23 traktorar bakom. Skal øvste etasjen på sigerspallen sikrast, må tempoet for MF opp eit lite hakk, og det må halde løpet ut. At sigeren går til John Deere eller MF er det liten tvil om. Hjorten har ein betre månad bak seg enn den raude, så her er ingenting avgjort. New Hollands tredjeplass er ganske så sikker, så sant dei blå ikkje har lagt ein oppsiktsvekkande effektiv plan.

Valtra prøver seg...

... men på kva? September vart Valtra sin månad, om vi ser på registreringstal åleine. 53 traktorar på ein månad er bra, men langt frå eit unikt godt månadsresultat. Finnen får ikkje brukt dei gode tala til å få flytta seg i tabellen, for avstanden både oppover og nedover er for stor.

Betre eller dårlegare enn normalt

CaseIH er i siget, og i september å rekne som den femte store. Året under eitt er CaseIH merket med tredje størst framgang, etter MF og New Holland. Fendt har ein litt daff månad, Deutz-Fahr er enda daffare, og daffast i denne gruppa er Claas. Zetor på tiande har derimot hatt ein fin månad med god tilvekst. Eit anna merke som kan kommenterast er JCB, som heller ikkje i september hadde nyregistreringar. Fem så langt i år mot 15 så langt i fjor er svakt.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS