kuhn slåmaskin brei merking.jpg

Danskar hindra breidde-bom i EU

EU arbeider med felles reglar for  bruk av landbruksmaskiner langs veg – med ei arbeidsgruppe på ville vegar: Maks breidde var foreslått til 2,55 meter.

Publisert

Ein stor del av dei heilt vanlege maskinene som er brukt både i Noreg og EU er breiare enn 2,55 meter. Om EU-kommisjonens arbeidsgruppe hadde fått arbeide i fred frå oppvakte danskar, ville slike måtte stå att heime.

I denne saka er det tydeleg at arbeidsgruppa som EU-kommisjonen har sett ned, ikkje veit kva dei arbeider med. Om det ikkje var for nokre merksame danskar som tilfeldigvis oppdaga den nært føreståande arbeidsulukka, ville maksimal breidde for landbruksmaskiner på veg i EU blitt 2,55 meter. Den danske interesseorganisasjonen Landbrug & Fødevarer er rysta over arbeidsgruppa sin manglande innsikt, og slær fast at det aller meste av landbruksmaskinene i Europa er breiare enn 2,55 meter. I tillegg konstaterer organisasjonen at dei aller fleste bønder driv areal spreidd over store område, skilt frå kvarandre av vegar, noko som gjer vegtransport av breitt utstyr heilt nødvendig.

Skulle bli banka i juni

Lone Andersen, nestleiar i Landbrug & Fødevarer, er rysta over kor nært framlegget var frå å bli vedtatt: Meininga var å banke det gjennom i juni. Inge europeiske bransjeorganisasjonar var klar over kva det vart jobba med. Den danske varianten av Statens Vegvesen har ein representant i arbeidsgruppa, men vedkomande har ikkje funne det verd å orientere landbruksorganisasjonane om kva som var på gang, fortel Andersen til Landbrugsavisen.

Får realitetsorientering

Danskane har fått stille med ein ekspert som har orientert gruppa om korleis ting er i den verkelege verda, og det er forventa at regelverket vil få ei utforming som gjer det mogeleg å drive rasjonelt landbruk også i framtida.

Vil gjelde også i Noreg

I og med at Noreg gjennom EØS-avtalen følgjer EU sine reglar, er det all grunn til å vente at reglane som EU kjem med her også vil gjelde Noreg. Når dei er klare til å bli innført er det større uvisse kring. I dag har alle land eigne reglar for breitt utstyr, og dei fleste strevar i ulik grad med moderne utstyr som har køyrd forbi regelverket.

Deja vu

Situasjonen minner mykje om kva vi gjennom åra har opplevd med norske styresmakter. Kring årtusenskiftet vart det arbeidd med nye førarkortreglar, også for traktor, utan at nokon frå landbruket på noko vis var involverte i prosessen før saka kom på høyring, og då var heller ikkje landbruket på lista over høyringsinstansar. Den gongen var det Bedre Gardsdrifts journalist som oppdaga at det var framlegg om at klasse T skulle gi lov å køyre traktor og hengar med maksimal tillatt totalvekt 12 tonn i sum. Heile prosessen vart stoppa, landbruket fekk kome med innspel, og vi fekk førarkortordninga som kom i 2005 – med ei vektgrense heva til 25 tonn første to åra. Også i ei lang rekkje andre saker har norske styresmakter tenkt seg fram til trafikkreglar for landbruksmaskiner, utan at nokon med tilstrekkeleg kunnskap om emnet har vore involverte i prosessen. Ofte også utan at dei som lagar reglane forstår at regelverket også vil gjelde landbruksmaskiner.

"
Powered by Labrador CMS