traktorar eldre

Bøndene eig kvar tredje traktor

To av tre traktorar i Noreg er eigd av folk som ikkje er bønder. Bøndene disponerer kring 90 000 av landets over 250 000 traktorar. Det blir ca. to traktorar pr. bonde.

Publisert

Ved årsskiftet 2012/2013 var eigarane av 72 000 av traktorane i Noreg knytt til jordbruk, skogbruk eller fiske. Nær 150 000 traktorar er eigde av privatpersonar. 6000 er eigde av verksemder innan bygg, anlegg, bergverk og industri. I tillegg kjem bank og forsikring med 25 000 traktorar, som stort sett er leasingtraktorar.

Det viser tal frå Statens Vegvesen. Dei har statistikk over kva næring eigarane av alle registrerte køyrety er knytt til, om enn med visse feilmarginar.

Fordeler vi leasingtraktorane med påslag for landbruk og anlegg basert på erfaringstal, og overlet nokre leasingtraktorar til private, får denne tabellen:

Fordelt på talet aktive bønder har vi dermed mellom 1,9 og 2,0 traktorar pr. bonde. Talet seier ikkje noko om kor gamle traktorane er, men som omtalt tidlegare er halvparten av alle registrerte traktorar i Noreg veterantraktorar, og i gjennomsnitt går det 15 år mellom kvar gong ein norsk bonde byter til heilt ny traktor.

Debatten om tal traktorar pr. bonde kom opp etter ein artikkel i Dagbladet tidlegare i veka, der total-talet traktorar i Noreg var delt på talet bønder i Noreg. Dermed kunne Dagbladet slå opp at kvar bonde har fem traktorar, i ein artikkel som har fått uvanleg mange kommentarar.

Så enkelt kan det ikkje gjerast, slo Bedre Gardsdrift fast dagen etter. Tala vi no legg fram underbyggjer den påstanden. Talmaterialet er henta fram av Hroar Braathen, fram til no dagleg leiar for bransjeorganisasjonen Traktor- og Landbruksmaskinimportørenes Forening. Han minner om at mange av traktorane som er registrert i kategorien landbruk også er mykje brukt til ulike oppdrag innan bygdeservice, vaktmeistertenester og anna som kjem samfunnet til gode. Som til dømes å brøyte snø i by og bygd vinterstid.

I eit debattinnlegg i Dagbladet 23. mai fortel Ole Osvald Moss, seksjonssjef i Statistisk Sentralbyrå, at ei teljing i 2013 viser at det er 93 000 traktorar disponerte av norske jordbruksbedrifter. Det gir 2,1 traktorar pr. bruk, noko som samsvarer med nivået vi antydar i våre kalkyler.

Dagbladet har ikkje gitt respons på våre forsøk på kontakt om saka, ut over å avvise eit debattinnlegg som vi har sendt dei.

"

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS