1408-reg-mrk-graf
1408-reg-mrk-graf

Årets dårlegaste månad

Lite er nytt under sommarsola. August held trenden vi har sett til no i år. Normalt ligg august på kring 250 traktorar. No er talet 190, men rekkefølgja er som den brukar å vere dette rare året.

Publisert

Vi treng ikkje legge ut i det vide og breie om at registreringstala går kraftig ned for tida. Vi treng heller ikkje spekulere meir enn vi alt har gjort på kvifor. Blar du deg bakover i registreringsstatistikken vår, finn du analyser frå kvar einaste månad bakover, inklusive samanstilling av historiske trendar kombinert med kven som har vore landbruksminister når det har gått som brattast utfor, og litt av kvart slags kommentarar elles. Vi har hatt ein vår og sommar bra vêr og mange stader gode avlingar, og for tida får alle registrert alt dei har tilgang på av traktorar. Så slike hinder er der lite av. Rett nok har John Deere mista ein av sine viktigaste modellar, men det åleine er langt frå nok til å forklare at 2014 teiknar til å bli eit dårleg traktorår.

Fordeling som normalt

Massey Ferguson er stødig i tet framom John Deere og New Holland, og registreringstala for august endrar ingenting på rekkefølgja. Einaste vi kan merke oss om vi skal kaste eit kjapt blikk på denne månaden åleine, er at Fendt har registert fleire enn Valtra, og Deutz-Fahr har fleire enn CaseIH.

Klar rekkefølgje på importørane

Med marknadsleiar MF og sprekingen Fendt i stallen er Eikmaskin i klar tet, med 28 prosent av marknaden. New Holland går nesten like mykje fram som MF, og også CaseIH går fint i pluss. Samla sikrar parhestane frå CNH andreplass til A-K maskiner, med dryge 25 prosent marknadsandel. Dei tre felleskjøpa går i sum inn til ein tredjeplass med den halvdaffe hjorten sin, og nesten 20 prosent av marknaden. Den svenske kollegaen, Lantmännen Maskin, slit med at verken Valtra eller Claas klarer å dra lasset som før, og endar opp på knappe 15 prosent marknadsandel.