trafikklærarstudentar

50-lapp-kurs kanskje ikkje klart før 2015

Rikke Mo Veie, dekan ved trafikklærarutdanninga i Stjørdal, tør ikkje seie kor snart 50-lappopplæringa av køyreskulelærarane er klar. Kan hende bikkar vi årsskiftet.

Publisert

Arkivbilete frå 2008 med Sigmund Vinje, Mona Rolland og Ole Reidar Anda. Bedre Gardsdrift sytte for at dei tre avgangsstudentane ved sjåførlærarutdanninga ved Høgskolen i Nord-Trøndelag for første gong gjennom studietida fekk prøve ein traktor. Dei tre gjennomførte den til då første hovudoppgåva om traktor i trafikken.

Saka har svært høg prioritet hos oss, og vi gjer det vi kan for å bli klare snarast råd, seier Veie til Bedre Gardsdrift. Ho har notert seg at det er stort engasjement kring saka, og har akkurat hatt møte om den når vi ringjer.

Må godkjennast av Vegdirektoratet

– Vi må utarbeide ein læreplan, som deretter Vegdirektoratet skal godkjenne. Vi har starta arbeidet med å få på plass det faglege innhaldet. Målet er at vi skal vere klare tidsnok til at Vegdirektoratet gir oss godkjenning før 2014 er omme, men eg tør ikkje love nokon dato. Det kan også vere at vi kjem inn i 2015 før det formelle er på plass, forklarer sjefen for sjåførlærarutdanninga i Stjørdal. Rykta som er sett ut om kurs i oktober og november 2014 er i alle høve rotlause.

Realistisk: Etter nyttår

Så snart kurset er godkjent og lærekreftene på plass, vil trafikklærarane kunne kome på kurs. Før dei har tatt dette, kan dei heller ikkje tilby kurset for å få den såkalla 50-lappen. Så sant det som elles skal til av læremateriell er klart, kan trafikklærarane reise rett heimatt frå Stjørdal og straks starte kurs for eigne elevar. Det er såleis ikkje realistisk å planlegge å få 50-lappen i lommeboka før på etterjulsvinteren i 2015.

10-årsmarkering

1. januar 2015 er det forresten nøyaktig ti år sidan det vart slutt på å køyre 50 km/h med ferskt traktorførarkort. Ti år med intenst arbeid for å få rydda opp i unødige hinder, men no er trass alt målet i sikte.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS