
Oljevarmar frå Calix
Calix er Defas svenske konkurrent på elektriske motorvarmarar. No tar Calix steget vidare frå å berre varme kjølevæska, og lanserer ein serie element som varmar oljen.
Oljevarmaren finst i fleire ulike element, og har lågare overflatetemperatur enn kjølevæskevarmaren.

Oppvarma kjølevæske er til god hjelp for å gi ein motor mildare start når det er kaldt, men for både motor og olje er det stadig brutalt å starte så lenge oljen flyt som sirup. Med til dels store oljevolum trengst det lang tid før oljen får ønska eigenskapar.
– Oljevarmarane våre arbeider med låg overflatetempereatur, tilpassa bruk i transmisjonar, i motoroljen eller hydraulikkoljen. Med oljevarmar vil oljen ha langt betre eigenskapar i det maskina startar, noko som reduserer slitasjen på alle komponent i systemet, melder Calix.
I sortimentet har Calix sju ulike oljevarmar-element, tilpassa fleirtalet av dagens maskiner. Calix er i dag systemleverandør til John Deere, Massey Ferguson, Valtra, Fendt og Claas.