for langt 34
for langt 34

"Kort" ER 34 km

Skal du køyre brei landbruksreiskap langs veg, seier forskrifta at du kan gjere det over "kortere avstand". Her har du samferdsleministeren sin signatur på at det er 34 km. 

Publisert Sist oppdatert

Kor langt kan du køyre med breie landbruksmaskiner? Her eit bilete frå første gongen Geir Pollestad (t.h.), den gongen statssekretær i Samferdsledepartementet, vart gjort kjent med problemstillinga i 2008. Til venstre dåverande landbruksminister Lars Peder Brekk.

Du kjenner kanskje historia: I 2008/2009 toppa diskusjonen seg om kor langt du kunne køyre med breie landbruksmaskiner. Nokre hevda at du maks kunne køyre fem kilometer, før dåverande samferdsleminister Liv Signe Navarsete slo fast at 34 km var eit langt meir høveleg tal, i påvente av eit eventuelt oppdatert regelverk. Reglane frå den gongen, som stadig er gjeldande, skil mellom landbruksmaskiner mellom 2,55 og 3,50 meter, og mellom 3,50 og 4,20 meter. Førstnemnde gruppe kan forflytte seg "over kortere strekning som ledd i vanlig bruk" utan dispensasjon. Same formulering gjeld for sistnemnde gruppe, men her må du søke dispensasjon kvart år. Reglane er å finne i Forskrift om bruk av kjøretøy. Paragrafen 5-4 punkt 2 d) gjelde inntil 3,50 meter breie køyrety, mens paragrafen 5-6 punkt 4 c) gjeld breidder mellom 3,5 og 4,2 meter.

Uklarheiter

" Statens Vegvesen fleire plassar i landet har klart å tolke Navarsetes 34-kilometersgrense til einast å gjelde for køyrety mellom 2,55 og 3,50 meter, og dermed innført femkilometers-grensa for breiare køyrety. Dette får ugreie utslag, noko du mellom anna kan lese om i Bedre Gardsdrift nr. 2 2014.Bedre Gardsdrift er også blitt kontakta av bønder som er blitt vinka av vegen fordi kontrollørane meiner at 34 km-regelen berre er mellombels, og "den kan da ikkje gjelde så lenge". Dette tok BG opp med Listhaug i eit intervju nyleg, og saman med Norges Bondelag og Traktor- og Landbruksmaskinimportørenes Forening har vi også tatt opp saka med samferdsledepartementet.

Skriftleg spørsmål frå Pollestad

På bakgrunn av dette utdraget av Listhaug-intervjuet, publisert på gardsdrift.no, bad stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen stadfeste avstandsgrensa, i eit skriftleg spørsmål.

Klart svar

"

Avstandsgrensa for køyring med brei landbruksreiskap er 34 km, slår samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen fast. (Foto: SMK)

Svaret er kort og tydeleg: Jeg kan bekrefte at gjeldende avstandsgrense for kjøring med brede landbruksmaskiner er 34 kilometer. Svaret frå ministeren kan du laste ned her, så kan du skrive det ut og ta det med i traktoren eller treskaren.

Utan atterhald

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen tar ingen atterhald i svaret sitt, som altså gjeld både paragraf 5-4 punkt 2 d) og for paragraf 5-6 punkt 4 c). På direkte spørsmål frå Bedre Gardsdrift understrekar Solvik-Olsens statssekretær Bård Hoksrud dette:

- Avstandsgrensa på 34 km gjeld både for reiskap inntil 3,5 meter, og for reiskap mellom 3,5 og 4,2 meter.

Det må elles nemnast at avstandsgrensa gjeld pr. forflyttning. Kor maskina er heimehøyrande betyr såleis ingenting.

Tvillinghjul og breidekk

Når det gjeld køyring med tvillinghjul eller breidekk er det sagt at det er lov så lenge traktoren har reiskap som er minst like brei som traktoren med tvillinghjul/breidekk, men samstundes vart det i si tid presisert frå departementet at handhevinga av regelverket må praktiserast med fornuft og fleksibilitet. Med andre ord kan du forflytte deg langs veg også om reiskapen er smalare enn hjulutstyret, så sant det finst gode grunnar for det.

"