Traktor i trafikk

Ikkje EU-kontroll på traktorar...

...med visse unntak. EU har vedtatt eit nytt direktiv om kva køyrety som skal vere underlagt periodisk køyretykontroll. Traktorar og andre køyrety som er nytta i jord- og skogbruk skal vere fritatt.

Publisert

Traktorar nytta i landbruket skal vere unntatt kontroll, mens traktorar som driv kommersiell vegtransport og som har lov å køyre over 40 km/h skal ha EU-kontroll.

Den nye regjeringa er godt nøgd med at EUs nye direktiv på mange vis er utforma slik den førre regjeringa ytra ønske om." - Eg er glad for at EU har høyrt på oss i denne saka. Både Noreg og EU vil gjere det tryggare å ferdast i trafikken, men nokre av forslaga frå EU trefte dårleg. Dei ville hatt liten positiv effekt på trafikktryggleiken på norske vegar, og ville ført til fleire ulemper, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.- Dei nye reglane for EU-kontroll er vedtekne som eit direktiv, ikkje som ei forordning. Dette opnar for at vi kan tilpasse regelverket til norske tilhøve, seier samferdselsmisteren.

Traktor: Skil mellom landbruk og "kommersiell transport"

I pressemeldinga frå regjeringa står dette om traktor: Traktorar og andre køyretøy som er nytta i drift av jord og skog slepp EU-kontroll. For traktorar som er nytta i kommersiell vegtransport og som har lov til å køyre i høgre fart enn 40 kilometer i timen kjem det krav om kontroll. På spørsmål frå Bedre Gardsdrift om kva som er meint med "kommersiell vegtransport" har departementet bede om tid til å undersøke nærare. Dette svaret gjeld også spørsmålet om det einast er 50 km/h-traktorane som driv med slik "kommersiell vegtransport" som må inn til kontroll, eller om alle 50 km/h-traktorar må kontrollerast.Her er svaret frå departementet.

Ikkje kontrollkrav til bilhengar under 3500 kg

" Det nye regelverket stiller ikkje krav til EU-kontroll av tilhengarar med totalvekt under 3500 kg, det vert ikkje krav til oftare kontroll av bilar eldre enn seks år, og lette motorsyklar og mopedar slepp kontroll. Det blir stilt nye krav til godkjenning av dei som skal utføre kontrollen, men desse krava er enno ikkje gjort kjent.Noreg får tre år på seg til å tilpasse seg dei nye reglane, frå den dagen dei er vedtekne. Om ynskjeleg kan Noreg gjere eigne tilpassingar.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS