Hurtige landbrukstraktorar kan få unntak

Det er stadig eit ope spørsmål kva traktorar som eventuelt blir omfatta av eit krav til EU-kontroll, men minimumskravet er at traktoren går over 40 km/h og driv kommersiell vegtransport.

Publisert Sist oppdatert

EU-kontroll eller ikkje, tru?

Bedre Gardsdrift har spurd Samferdsledepartementet om ei klargjering av denne formuleringa i nyss utsendt pressemelding om EUs nye direktiv om periodisk køyretykontroll: For traktorar som er nytta i kommersiell vegtransport og som har lov til å køyre i høgre fart enn 40 kilometer i timen kjem det krav om kontroll.

Berre ved "kommersiell" køyring over 40 km/h

Direktivet har til intensjon at traktorar brukte til køyring i landbruket skal vere fritatt frå kravet til EU-kontroll, same kor fort dei kan køyre. Det same med traktorar med hastigheit inntil 40 km/h, uansett kva last dei har. Såleis vil eit eventuelt krav til EU-kontroll berre gjelde traktorar som kan køyre fortare enn 40 km/h, og som samstundes driv kommersiell vegtransport.

Ikkje nok med tilfeldige turar

Kva er så kommersiell transport? Her viser departementet til fortalen til EUs nye direktiv, der det blir referert til traktorar som i hovudsak er brukte på offentleg veg, og departementet meiner vidare at køyringa må vere i konkurranse med anna kommersiell transportverksemd. Nærare kriteria om kva køyring som er omfatta vil eventuelt måtte bli utarbeidd. Det er nemleg eit visst handlingsrom kring korleis direktivet på mest teneleg vis kan implementerast nasjonalt.

- Vil ikkje om vi ikkje må

Departementet nemner vidare at den sitjande regjeringa har uttalt at den ikkje ynskjer å innføre krav om periodisk køyretykontroll der regelverket gir oss eit val nasjonalt. EU-direktivet gir høve til å frita køyrety nytta til slikt som landbruksføremål primært utanfor veg, og køyrety nytta til dømes i grisgrendte strøk, frå kravet til EU-kontroll.

Og konklusjonen?

Det som kan seiast sikkert, er at traktorar som stort sett er brukt til landbruk, i alle fall om det meste av køyringa skjer utanfor veg, framleis vert fritatt. Det gjeld same kor fort traktoren har lov å køyre på veg. Det stadig like opne spørsmålet er om regjeringa må eller vil pålegge EU-kontroll for traktorar konstruerte for meir enn 40 km/h som primært blir brukte langs veg. Neste spørs

Må vere i orden uansett

EU-kontroll eller ikkje: Alle køyrety som skal ut på vegen pliktar til ei kvar tid å vere i forskriftsmessig stand. Difor er ikkje spørsmålet om EU-kontroll eit spørsmål om kva standard det skal vere på køyretya, men heller eit spørsmål om du regelmessig må skaffe papir på at alt er i orden, eller om du berre må passe på at alt er i orden utan at du har papir på det.