1411-reg-mrk-graf

Det raude året

Ein månad før vi set to strekar under svaret, er tendensane svært tydelege. Totalmarknaden er kraftig tilbake, det same er John Deere, mens Massey Ferguson står sterkt.

Publisert

Du har høyrd det før gjennom året. Ikkje sidan 2009 har talet nyregistrerte traktorar i Noreg vore så lågt som i år. Den gongen var det finanskrise. I år kan noko av skulda leggast på fleire føregåande år med dårlege avlingar både for husdyrbøndene og planteprodusentane. Ei anna forklaring mange kjem med, er kort sagt blå-blå uvisse. Traktorstatistikken er på mange vis febertermometeret for det norske landbruket. Diagnosen no er at pasienten føler seg uvel.

Moderat Euro-effekt

Det må også nemnast at kursen på Euro bidrar til høgare prisar, utan at den faktoren skal leggast for stor vekt på. Fleire av importørane har på ulikt vis sikra seg mot store prisendringar knytt til valutasvingningar, og i mange høve kjem ikkje eingong kundane innom døra for å handle traktor, slik forholda har vore dette året.

50 under normalen, berre i november

Normalen for november er frå 320 til drygt 400 traktorar. November i fjor var første signal om ein nedtur, med berre 284 nyregistrerte. Årets 271 traktorar er såleis ikkje berre ned 15 frå i fjor, men kring 50 traktorar under eit normalt lågmål.

Suveren majestet

Massey Ferguson tronar åleine på toppen. Avstanden til John Deere tilsvarer heile John Deeres registreringstal i november. Førsteplassen er sikra, for MF har attpå eit godt år så langt ein tradisjon for sterk spurt i desember, og har varma opp med gode tal i november. Den raude er dessutan einaste merket som kan notere seg solid framgang i tal traktorar gjennom året. Det andre merket av landbrukstraktorar med pluss er Fendt. Nokon må ha gjort noko rett i Eikmaskin og Agco dette året.

Hjortefallet

I fall nokon i felleskjøpa har vakenetter på grunn av registreringsstatistikken, er det grunn til å tru at tankane går til 5R-serien. Den er ikkje blitt erstatta med noko norske bønder har lyst på, men det åleine er neppe heile grunnen til ein tilbakegang på 382 traktorar for den tidlegare marknadsleiaren. Trass ein grei november, er året under eitt eit mørkt kapittel i nyare norsk John Deere-historie.

New Holland står imot

21 traktorar tilbake så langt i år er å rekne som stabilt, slik marknaden ser ut. Attpå alt har både New Holland og CaseIH stigande marknadsandelar. A-K maskiner sine to merke ser ut til å ri av stormen utan nemnande skader.

Valtra ventar på neste år

Det er grunn til å tru at Valtra-folket snarast råd gløymer 2014. Det er året som aldri vart som det skulle for finske traktorar. No er ny T-serie på plass, og med det kan hende både optimisme og engasjement i salskorpset. Det kan trengast, for nest etter John Deere har Valtra vore stabilt nest verst i tilbakegang dette året. Ei fattig trøyst hos Lantmännen-folket kan vere at Claas rett nok ikkje har fått det til i tal traktorar, men i marknadsandel er tilbakegangen moderat for den lysegrøne.

Snart finale

For resten av merka kan det kjapt nemnast at JCB framleis er halvparten så stor som i fjor, og fjoråret var ganske normalt for den hurtige. Zetor er mykje tilbake, mens McCormick følgjer straumen og faktisk har antydning til pluss i marknadsandel trass færre nyregistrerte. Resten av lista tar vi litt meir om når året er omme.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS