brann-fjøs12 colourbox.jpg

Ni storfe tatt av fjøsbrann

Ein storfefjøs i Luster i indre Sogn står i brann. Omlag 20 dyr er berga ut. Brannmannskap har kontroll på brannen, men kan ikkje gjere anna enn å la bygningen brenne ned.

Publisert

Illustrasjonsfoto (colourbox)

Brannen vart varsla kring klokka ni torsdag føremiddag, melder NRK Sogn og Fjordane. To og ein halv time seinare melder brannvesenet, som stiller med mannskap både frå Luster og Sogndal, at brannen er under kontroll. Bygningen er overtent og brannmannskapa lar den brenne kontrollert ned. Det er ikkje fare for at brannen skal spreie seg til bustadhuset eller til terrenget rundt. Det ligg snø i området.

Politiet opplyser til NRK Sogn og Fjordane at to kyr, to kviger og fem kalvar har brunne inne. Seks personar er sende til legesjekk fordi dei har pusta inn mykje røyk, men ingen av dei skal vere alvorleg skadde. Tre personar blir likevel haldne att for observasjon.

Det er mjølkeproduksjon på garden, og buskapen var på 30 dyr. 20 dyr er altså berga ut, men arbeidet med å berge ut dyra måtte avbrytast etter kvart som brannen vart for kraftig. I tillegg til driftsbygningen har også ein traktor gått tapt i flammane, mens ein nyare traktor og bil er berga.

"
Powered by Labrador CMS