BGnøtter2014 premie
BGnøtter2014 premie

50 premiar, 24 luker

BG-nissane har ei travel tid no før jul. Julekalenderen har 24 luker, mens nissane har premiar til 50 vinnarar! Vert du ein av dei? Her er premielista!

Publisert

BG-nissane gler seg verkeleg! Aldri før har dei fått dele ut så mange gåver i førjulstida. Og det aller beste: Som vanleg kan du heilt gratis og utan plikter av noko slag får lov til å strekke hendene mot den gigantiske premiesekken!

Dobbel dagspremie kvar dag

Vinn du ein av dagspremiane, får du med deg to billettar til Agroteknikk 2015 i pakken. I tillegg får du ein av premiane opplista under. Nokre av dagane lovar BG-nissane dessutan ekstrapremie.

Gåvedryss på julaftan

Fleire av premiane er merka "julaftan". Det betyr ekstratrekning og auka vinnarsjansar denne dagen. For å gi deg litt ekstra julefred, kan du svare på denne oppgåva heilt til 25. desember klokka 23.59.

Vekepremie kvar sjette dag

Den 6., 12., 18. og 24. vert det trekt ekstrapremiar mellom alle som har levert rett svar dei siste seks dagane. BG-nissane kallar dette for vekepremiar, sjølv om dei veit at ei vanleg veke er på sju dagar.

Hovudpremiar for dei uthaldande

For å vere kvalifisert for hovudpremiane treng du 22 rette eller meir. Ein av hovudpremiane er øyremerka dei som har alt rett. Men BG-nissane lovar også premiar for alle som har deltatt, uansett kor mange svar, eller om du har svart rett eller feil. Det viktigaste er å delta!

Reglar

Lurer du på reglane for BG-nøttene, er dei veldig enkle. Du finn dei her.

Under sponsoroversikten finn du lista over alle premiane.

"

Hovudpremiar, minst 22 rette

Eikmaskin: Fendt 300 Vario til fri bruk i fire veker Orkel: Orkel Silvercut 300 T/FC slepeslåmaskin til fri bruk i to veker Hektner maskin: Messetur Lamma Eikmaskin: Fabrikktur Massey Ferguson Lantmännen maskin: Fabrikktur Valtra eller ClaasFelleskjøpet i-mek: Gassgrill

Hovudpremie, 24 rette

A-K maskiner: Trimble EZ-guide 250

Ekstrapremie, trekt mellom alle som har deltatt:

Aspen: 20 l Aspen alkylatbensin (2- eller 4-takt) til to vinnarar

Vekepremiar (minst eit rett svar siste seks dagar)

Lantmännen: 20 l Aspen motorsagbensin til åtte vinnarar (to kvar veke) Bedre Gardsdrift: DVD: Børning + BG-stæsj Bedre Gardsdrift: DVD: Kraftidioten + BG-stæsjBedre Gardsdrift: DVD: Jul i Flåklypa + BG-stæsj

Andre premiar:Bedre Gardsdrift: Farming Simulator + BG-stæsj

Dagspremiar og bonuspremiar

Agroteknikk: To billettar til Agroteknikk 2015 kvar dag, dobbelt sett på julaftan (totalt 50 billettar) Sisu: Evolution kraftoverføringsaksling Fjøssystemer: Gåvekort kr 5000,- Husqvarna: Technical SkogshjelmFôrsentralen: Rundballenett eller gåvekort Gudmestad Leker og Modeller: Gåvekort 1000,- TKS: Fleecejakke m.m. Pon: Collegegensar Maskin og sikkerhet: SafetyMark hydraulikkmerking: Startsett, minisett, koplingsplan og merking for snøfres Trevland Maskin: TM-stropp (rundballestropp), 2 stk, med 4 stk strammarar Ara maskin: Ara hydraulikkmerking, 3 sett Nessemaskin: Gåvekort kr 500,- Jæren forlag: Traktortryne bok Svenningsens: Gåvepakke Tokvam: Boxershorts, t-skjorte, gensar og lue Produs: Pilotjakke, fleecejakke og caps Vreten Norge: Sodapistol, 5 kg kanne (sandblåsingssett) Traktor og Landbruk m.fl.: Handlaga modell av BVL slept fullfôrblandarLena maskin: Bruder: 1 stk JCB Fastrac, 1 stk McCormick Felleskjøpet Agri: Kjeledress Kverneland: Modellplog Lilleseth kjetting: Kjettingtang for montering og justering av kjetting Kr. Faksvåg: Dekkpluggsett eller verdien i avslag på anna produkt Addcon: Fire 25 l kanner valfri original Kofasil Ultra/LP A-K imek: GEA softshell jakke/vest, dame eller herre, PC-veske og noko til barna FK Rogaland Agder: Fliegl modelltilhengar Agrol: Volvo XC60 fjernstyrt leikebil Dalen: Skilt i lakkert stål, 2x1 m, med laserskore gardsnamn eller annan valfri tekstDuun: Skilt i rustfritt stål, 2x1 m, med laserskore gardsnamn eller annan valfri tekst