BGnøtt 2013 ekorn
BGnøtt 2013 ekorn

Snart opnar første luke...

...og BG-nøttene 2014 er i gang! I dag er det berre ein månad att til sjølvaste julaftan. Er du klar? BG-nissane er klare, med ny og større premiesekk!

Publisert

Veldig mange gler seg til den originale julekalendaren for norske bønder og maskininteresserte atter er på plass. Om det skortar på julestemninga i snøfattige og milde delar av landet, lovar BG-nissane å gjere sitt til at oppkøyringa mot jula går som den skal. Første trinn i prosessen er å fylle premiesekken. Der har BG-nissane jobba på høggir den siste tida, og aldri tidlegare har så mange premiesponsorar vore med. Det er kjekt, for årets premiesekk er ny. Den gamle vart nemleg alt for liten, og rakna i saumane av den store børa til jul i fjor.

Trippel premie kvar dag!

Som vanleg er alle som svarer rett med i trekninga av dagspremiar. Men tru berre ikkje at BG-nissane nøyer seg med å dele ut ein pakke om gongen. Kvar einaste dag frå 1. til 24. desember har dei minst tre gåver til å glede glade nøtteknekkarar. I tillegg til den ordinære dagspremien, stiller Agroteknikk-juryen med to bilettar pr. dag, totalt 48 billettar, til Agroteknikk 2015, som vert arrangert på Lillestrøm om nesten eitt år. Her er det berre å gle seg i god tid!

Over 30 premiesponsorar!

Korleis kan det ha seg at ein kalender med 24 luker har over 30 premiesponsorar? Ein ting er at kalenderen er umåteleg populær mellom BG-lesarane og brukarane av gardsdrift.no. Ein annan ting er at norske leverandørar til landbruksnæringa også likar å gjere folk glade, og spreie denne gleda gjennom meir og mindre finurlege kalenderluker. BG-nissane er djupt takksame, og sjølvsagt veldig stolte!

Dagspremiar, vekespremiar og hovudpremiar

I tillegg til at du har sjansen til å vinne kvar einaste dag fram til julaftan, trekkjer BG-nissane ekstrapremiar kvar veke. For ikkje å snakke om den store jobben som ventar i romjula: Då blir alle hovudpremiane trekte. Ein premie for alle med 24 rette, mens dei fleste blir fordelte mellom alle som har klart 22 korrekte svar. BG-nissane har stor forståing for at bønder i førjulsstria kan kome ut for snøbrøyting, kalving, familieselskap eller ustabilt internettsamband som hindrar 100 prosent deltaking. Dei forstår også at det kan kome oppgåver som er i overkant krevjande. Difor er det nok med 22 godkjente svar til flesteparten av dei gjævaste premiane.

Dette er premiesponsorane

Ei veke før det heile brakar laust, har BG-nissane fått lovnader om premiar frå alle desse, nemnde i tilfeldig rekkefølgje: Eikmaskin, A-K maskiner, HCP, Hektner Maskin, Lantmännen Maskin, FK i-mek, Husqvarna, Duun, Dalen, Sisu, Fjøssystemer, Fôrsentralen, Gudmestad leker og modeller, Agrol, TKS, Pon, Ara maskin, A-K i-mek, Nessemaskin, Jæren forlag, TM-stroppen.no, Svenningsens, Tokvam, Produs, Vreten Norge, Addcon, BvL, Lena Maskin, FK Agri, Lilleseth, Kr. Faksvåg, Kverneland og FK Rogaland Agder. I tillegg har BG-redaksjonen lova å stille med nokre premiar attåt.

Her er nokre av premiane

Hovudpremien er noko så forlokkande som fire veker gratis traktor, til valfri tid i løpet av sommaren eller hausten. Vinn du den, får du ein splitter ny Fendt 300 Vario til gards. Alle som klarer 24 rette, kjempar om ein Trimble EZ-guide GPS til odel og eige. Elles omfattar premiesekken slikt som dette, og vi tar oss ikkje plass til å nemne opp alt: Ymse fabrikk- og messeturar med reise og opphald inkludert, 20 liter Aspen alkylatbensin x 10, skogshjelm, kraftoverføringsaksling, ulike gåvekort, stropp til sikring av rundballar, merking for hydraulikkslangar, dekkpluggsett, kjettingtang, fjernstyrt leikebil, modeller, og fire kanner ensileringsmiddel. I tillegg kjem eit rikt utval av nyttige klede, frå boxershorts til kjeledressar og pilotjakker. For ikkje å gløyme premiane på julaftan: Der gjer vi som i fjor, i samarbeid med to norske reiskapsprodusentar. To vinnarar kan sjølve velje tekst, som blir laserbrent i eit to meter langt og ein meter høgt stålskilt, utforma så du kan henge det på veggen og til dømes ha lys bakom. Kult og unikt, og akkurat slik BG-nissane likar det: Verkeleg til å bli glad av!

Ver klar!

No har du berre ein ting å gjere: Sett stort kryss i kalenderen og sett alarm på telefonen. Første luke opnar 1. desember, då er du klar. Oppgåva vert lagt ut ved midnatt og ligg til neste midnatt. I tillegg til å finne rett svar, står du fritt til å skrive kommentarar til bonusspørsmålet. Vil du varme opp med innspel frå fjorårets BG-nøtter, finn du dei her!

"