valtra veg 30219
valtra veg 30219

Spør om fart på traktor

Blæstadstudent Joacim Laurendz ser på gevinstar og kostnader ved å køyre traktor i 50 km/h versus 40 km/h. Spørjeundersøkinga om emnet er no avslutta.

Publisert Sist oppdatert

Kvifor har du traktor som går i 40, 50 eller seinare eller raskare? Det er eit av spørsmåla Joacim Laurendz ynskjer svar på.

Joacim Laurendz arbeider med det som tilsvarer hovudoppgåva ved landbruksteknikkstudiet på Blæstad. Hastigheit på traktor er eit høgaktuelt tema, og for å få litt meir kunnskap om kva tankar som ligg bak ulike traktorkjøp, laga han eit enkelt spørjeskjema som vart lagt ut her på gardsdrift.no. Der er kome inn svært mange svar, og eit breitt utval av nyttige innspel. Det innsamla materialet vil bli brukt av Joacim i oppgåva på Blæstad, og også nytta av Bedre Gardsdrift i det vidare arbeidet vårt om trafikkreglar.

Ei stor takk til alle som har svart!