pottinger terrasem tett såing lq

Pöttinger går for tettare såing

Skal såavstanden vere 15 eller 17 cm, eller kan hende berre 12,5? Pöttinger går for det smalaste, og argumenterer med betre dekking mot ugras, redusert bruk av frø og høgare avlingar.

Publisert

Kan redusert såavstand gi auka avling? Pöttinger meiner å ha dekning for det.

Pöttinger, som ikkje akkurat er store på såmaskiner her i landet, har ein tendens til å ta til å snakke om agronomi når dei presenterer maskinene sine. Det er inga dum tilnærming. No byr dei opp til debatt som radavstand i såmaskiner.

Større såavstand = tettare mellom frøa

– Dersom radavstanden skal aukast, er det behov for meir eksakt plassering av frøet i såfura. Skal du mate ut like mange kg såfrø pr. dekar med stor radavstand som med liten, må nødvendigvis frøa ligge tettare. Då krevst teknologi, som kan vege opp for innsparinga med færre sålabbar. Slik teknologi finst, og enkelte lovar åtte prosent høgare avling med eksakt plassering av frøet mot den meir tilfeldige plasseringa som dei fleste tilbyr i dag, uttaler selskapet, som samstundes stiller spørsmål ved realismen i den nemnde avlingsauken.– Pöttinger meiner det vil vere betre å ha mindre avstand mellom sålabbane. Då blir frøet fordelt over eit større areal frå starten av, og det vert færre frø i kvar såfure. Utan behov for ekstra teknologi.

Meir plass til kvar plante med tettare labbar

Selskapet peikar på at om målet er å mate ut 300 frø pr. kvadratmeter, må det leggast eit frø pr. 2,0 cm med 16,6 cm avstand mellom sålabbane. Står labbane med 15 cm avstand, må frøa fordelast med 2,2 cm avstand. Går du ned til 12,5 cm mellom labbane, har kvart frø 2,7 cm til neste. – Dette betyr at kvar plante får betre plass å utvikle seg på om såmaskina har fleire labbar, og behovet for eksakt plassering minkar med minkande radavstand.

Betre jorddekking

Pöttinger framhevar at du får raskare dekking når plantane står tettare i sideretningen. Det gir dårlegare kår for ugraset, på same tid som skuggane frå kulturplantane gir eit betre mikroklima nær bakken. Betre dekking av jorda mellom såradene gir også betre vern mot erosjon. I tillegg seier Pöttinger at du kan redusere såmengda med 10 prosent, og oppnå høgare avling enn med større såavstand, noko dei meiner å ha dekning for gjennom eigne forsøk. Dette meiner selskapet meir enn kompenserer for meirkostnaden med fleire sålabbar.

Powered by Labrador CMS