mf tur olden14

MF på vestlandstur

Eikmaskin har hatt tre traktorar på tur i vest: Ein 6615, med ein 5612 og ein 3630 bakpå tralla, har gått på rundgang mellom avdelingane. Dei har oppsøkt små og store plassar.

Publisert

Hjalmar Solheim (t.v.) og ein medarbeidar frå Eiksenteret i Førde hadde med seg tre raude traktorar på sin del av Vestlandsturen.

På det viset er stader som sjeldan har traktorkaravane innom blitt besøkt. Dei frammøtte har fått sett på og prøve traktorane på kjende vegar, og det heile har føregått seg passeleg uformelt og avslappa.– Her har vi hatt godt frammøte, seier Hjalmar Solheim frå Eiksenteret Førde, mens karavanen har sin siste stopp i jordbruks- og turistbygda Olden inst i Nordfjord. – I ytre strøk var der nok litt fleire som var i gang med våronna, som dermed ikkje tok seg fri for å prate traktor, men jamt over har responsen vore grei. At mange kundar sit på gjerdet og ventar på kva som skjer i jordbruksoppgjeret er ikkje til å stikke under ein stol. Samstundes er Massey Ferguson inne i ein god periode, så det å reise på vårleg traktortur høyrest ut til å vere ganske så triveleg.

Powered by Labrador CMS