svv reg-nr

Vognkort på nett

Statens Vegvesen har lansert ei ny teneste der du finn alle vesentlege data frå vognkortet på nett. Tenesta gjeld alle norskregistrerte køyrety.

Publisert

Du finn vognkort-databasen her, omtalt som "kjøretøyopplysninger" på vegvesen.no.

"

Vegvesenets vognkort-database avslører ein vesentleg feil i ein av nasjonalskattane våre. I Flåklypa Grand Prix er landets kanskje mest kjende reg-nummer omtalt slik: "Eier av bil HB 4596, som er parkert over et kumlokk utenfor inngang C,må øyeblikkelig fjerne bilen, da en representant for vann- og kloakkvesenet skal oppigjen og hjem til middag." Ved eit søk på vegvesenets nye teneste får vi derimot fram at HB 4596 er ein tohjulsdriven 1972-modell oransje Fiat 450 traktor, registrert på Gjøvik. Ikkje så ille, det heller.

Har du reg-nummeret, kan du få opp slik som vekter, effekt, mål, standarddekk, registreringsdato og så vidare. Men du får ikkje opp kven køyretyet er registrert på. Er det snakk om noko som skal gjennom EU-kontroll, står det når slik kontroll var utført sist og når fristen er for neste kontroll. Dette skal vegvesenet ha honnør for, og tenesta gjer det også enklare for deg å finne tala om du skal rekne ut kor mykje du lovleg kan laste. For personbil og hengar har Vegvesenet sjølv ein god kalkulator på nett, som også er kopla mot vognkort-databasen. For traktor med hengar har Bedre Gardsdrift utvikla ein unik vektkalkulator som du fritt kan laste ned herifrå.

Tenesta er også nyttig om du skal handle brukt. Ein ting er kva effekt seljaren oppgir. Den kan godt stemme for arbeid ute på åkeren, men skal du ut på veg, er det einast effekten i vognkortet som betyr noko for utrekning av lovleg last. Vektene frå vognkortet er også nyttige når du vurderer kjøp av tilhengar. Hugs at tala for eigenvekt, særleg på traktor, ofte viser for lite, på grunn av slike ting som større dekk enn standard og anna påmontert utstyr.

"
Powered by Labrador CMS