Traktor versus bil
Traktoråret 2012 er midt på treet, etter ein tilbakegang på fem prosent frå 2011. Nybilregistreringane er tilbake 0,3 prosent, og gjer 2012 til nest beste bilåret sidan 1986.
Det er litt meir vanleg å kjøpe ny bil enn ny traktor, mildt sagt.
Vi har ingenting imot å samanlikne eple og druer no som 2012 er omme, og talverdiane er da også vidt forskjellige. Alle tala har det til felles at Opplysningrådet for vegtrafikken er kjelda vår. Mens det er registrert 3642 nye traktorar i 2012, er det montert skilt på 137 967 nye personbilar. I begge høve held vi bruktimporten utanom. Sagt på ein annan måte: I desember åleine er det registrert nesten tre gongar så mange personbilar som det er registrert traktorar gjennom året totalt. For kvar nyregistrerte traktor er det skrudd skilt på nesten 40 nye bilar.
El meir pop enn traktor
Tykkjer du el-bilar ser ut til å vere sjeldan vare? Det kan så vere, men nye elbilar er vanlegare enn nye traktorar. I 2012 er det registert 3950 nye elbilar, altså omlag 300 fleire enn det er registrert nye traktorar. Hybridbilar er det nyregistrert over 6000 av i 2012.
4x4 i desember = traktor i 2012
Det talet som er nærast registrertingstalet på traktorar for 2012, er talet nyregistrerte firehjulsdrivne bilar i desember: 3620 bilar med drift på alle fire fekk skilt denne månaden.
Vare, last og buss
Bussane har litt større tilbakegang frå 2011 til 2012 enn traktor, og dei er færre også totalt: 1231 nye bussar vart registrerte siste år. Også varebilane går tilbake, med vel 10 prosent, til 31 850 stk gjennom året. Lastebilbransjen er både større og i større framgang enn traktorbransjen, ser det ut til: Pluss nesten 15 prosent, til 5861 nye lastebilar.
Registreringsstatistikken for traktor finn du i komplett versjon i Bedre Gardsdrift nr 1 2012, mens den kjappe varianten er å finne her.
"