Tips oss om trafikktrøbbel

Vi held stadig trykket oppe i sakene om trafikkreglar. Men for å underbygge behovet for regelendringar, treng vi dine innspel.

Publisert

Nyleg drøfta vi til og med trafikkreglane i EU-hovudstaden. Men samtalane i Brussel var ikkje meir alvorleg enn at ein av BGs menn - på veg heim frå Agritechnica - drøfta ymse trafikkreglar med dei to traktorsjefane og adm. dir. i Lena Maskin før, under og etter flybytte i Brussel. Likevel viser samtalane våre noko viktig: Temaet er stadig høgaktuelt, og det må til mykje hardt arbeid før oppryddinga som skal gjerast er i mål.

Difor held trekløveret Norges Bondelag, Traktor og Landbruksmaskinimportørenes Forening og Bedre Gardsdrift fram arbeidet inn mot Samferdsledepartementet for å få rydda i alt som må ryddast opp i.

For å kunne gjere den jobben på beste vis, erfarer vi at faktainformasjon og konkrete episodar er til stor nytte. Difor ber vi deg som les dette gi innspel om følgjande: Har du opplevd å bli stoppa langs vegen, hatt problem med registrering eller på anna vis vore i kontakt med politi, vegvesen, kontrollørar, forsikringsselskap eller andre knytt til trafikkreglar, så send oss kopi av det du har av dokumentasjon og informasjon.

Sakene under er særleg interessante, men også ting som ikkje står på lista er nyttig å ha med:- Krav om skrivar, løyve, køyre/kviletid o.l. - Førarkortsaker - Spørsmål om fart knytt til kombinasjonar av traktor og hengar - Kjettingreglar og vinterbruk av utstyret - Registrering eller ikkje på slept utstyr - Lysbruk og merking av traktor/reiskap - Breiddereglane, både traktor, reiskap, treskar og anna. Inkluderer køyring med tvillinghjul og breidekk.- Forbod mot traktor på visse vegar - Endringar i praktiseringa av reglar som gjeld traktorLikeins er vi interesserte i å høyre frå deg som nyleg har tatt traktorlappen, om korleis du opplevde opplæringa og om der er noko du saknar.

Kort sagt er vi interessert i å få informasjonen opp på bordet om alt som gjeld bruk av landbruksmaskiner langs veg. Alt som blir sendt oss blir behandla konfidensielt og ikkje publisert på noko vis. Døma som blir brukte vidare blir anonymisert så grundig det lar seg gjere, og materialet elles vil bli nytta til statistikk og oppbygging av fakta. Om du sender oss tips som kan ha allmenn interesse, vil vi kontakte deg før vi eventuelt gjer noko meir med saka. Bruk epost jogeir@askmedia.no, eller brev til Bedre Gardsdrift v/Jogeir M. Agjeld, Agjeld, 6788 Olden.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS