
Sveltestreik for jordvern
Ein gardbrukar i Ørsta seier han heller vil starte sveltestreik enn å la kommunen ekspropriere tre mål av jorda hans. Det melder Sunnmørsposten.
Ein bonde i Ørsta er klar for sveltestreik for å redde jorda si.

Det vert i så fall ikkje fyrste gongen at gardbrukar Harry Moe gjer seg i kast med ein sveltestreik. I 2005 blei han omtalt i ei rekkje aviser etter ein månad med sveltestreik for å stanse ekspropriasjonen. No er han klar for ei ny runde for å redde jorda.
– Eg har budd heile mitt liv på denne garden, og byrja å bryte jord før eg byrja på skulen. Nei, alle kan vere sikre på ein ting: Eg kjem aldri til å gje meg! seier Moe til Sunnmørsposten.
Les heile saka her.
"