Stoll på nye hender
JF og Stoll har skilt lag. Den tyske lastarprodusenten vart heilt på tampen av 2012 kjøpt opp av eit tysk investeringsselskap, og drifta held fram i same spor som før.
For nokre år sidan kjøpte JF-eigar Freudendahl invest A/S den tyske frontlastarprodusenten, og etablerte selskapet JF-Stoll. Suksessen med det kan seiest å ha vore heller blanda, for Freudendahl invest A/S vart slått konkurs i fjor haust.
Stoll skilt ut
Då kjøpte Kongskilde den danske biten av selskapet, som syslar med JF-produkta, inklusive det norske salsselskapet. Stoll vart skilt ut som eit eige selskap på eigne bein, og heldt fram drifta upåverka av kva som føregjekk seg i den danske skifteretten. Sjefen for Stoll ytra i ei pressemelding at selskapet var svært god form etter eit av dei beste og mest lønsame åra i selskapets historie.
Tilbake på tyske hender.
For å stå enda litt sterkare rusta til å møte framtida, vart Stoll kjøpt av DMB Deutsche Mittelstand Beteiligungen GmbH på tampen av 2012. Investeringsselskapet har spesialisert seg på mellomstore solide føretak i Tyskland, Austerrike og Sveits.
Begge partane meiner at oppkjøpet bidrar til å styrke Stolls posisjon som marknadsleiar i Tyskland og som ein av dei store lastarprodusentane internasjonalt.
Stoll blir importert til Noreg av Torp maskin.