halv ku

Spår halvering av Vestlandsjordbruket

Landbruksforskar Christian Smedshaug er alvorleg uroa for utviklinga i landbruket. Mellom anna spår han at talet storfe på Vestlandet blir halvert frå år 2000 til 2020.

Publisert

Om ikkje utviklinga snur, kan det bli ei halvering av kyrne på Vestlandet.

– Vi er halvvegs i nedgangen og pr. dags dato er det ikkje noko som tyder på at dette endrar seg vesentleg, seier han til NRK Sogn og Fjordane. Samstundes ventar han ein nedgang i talet på sauer på 40 prosent.

Han viser til at prosentandelen av statlege midlar til landbruket er blitt kraftig redusert siste åra, og at det samstundes har vore ein kraftig nedgang i produksjon, dyretal og landbruksareal.

Denne utviklinga vil halde fram, om det ikkje kjem store ekstraløyvingar til landbruket frå statsbudsjettet. Gjennom selskapet Agri Analyse har Smedshaug laga rapporten "For rike for Vestlandsjordbruket".

– I 2000 hadde vi kring 120 000 storfe. No er vi nede i 90 000. Held utviklinga fram, er vi nede i 60 000 i 2020, åtvarar han.

– I tillegg til dei årlege løyvingane trengst ekstra midlar gjennom ei eiga investeringspakke. 10 milliardar over fem år vil gi ein reell skilnad, og det må til om vi vil ta vare på denne næringa for framtida.

Powered by Labrador CMS