
Slutt etter 155 år med agronomutdanning?
Den nest eldste agronomutdanninga i landet, på jordbruksskulen på Mo ved Førde, er foreslått nedlagt.
Mo jordbruksskule har lange tradisjonar, og fekk ny fjøs i 2006.

Sogn og Fjordane fylkeskommune slit med for mange skular og klassar i høve til søkjartala, og på VG3-kurset på jordbruksskulen på Mo, kurset som gir agronomtittel, er det for komande år berre tre søkjarar.
Tillitsvald i utdanningsforbundet på skulen seier til lokalavisa Firda at framlegget er særs uheldig. Trass i lågt søkjartal, er utdanninga viktig. Ei nedlegging av agronomutdanninga er eit signal stikk i strid med utsegner om at det skal satsast på landbruket. Fylkesleiaren i bondelaget, Per Hilleren, er også skeptisk. Lågt søkjartal komande år kan ikkje vere avgjerande. Samstundes meiner han det er viktig å spørje seg kvifor det ikkje er fleire som vil søkje seg til ei utdanning i landbruket.
Fotnote: Underteikna gjekk sjølv på Mo i 1991 til 1993, og har ein tippoldefar som gjekk der for 153 år sidan.