grasdag rd folk2

Slått og river i Romsdal

Landbruk Nordvest arrangerte sist tysdag markdag med eit breitt utval grasutstyr, inklusive eit par Norgespremierer. Her deler vi litt av det faglege med deg. 

Publisert

Alltid kjekt med mange ulike maskiner på same teig!

Med godt vêr, godt frammøte og godt vertskap vart dagen nok ein suksess å notere seg i den regionale forsøksringens historiebok. Ein plass mellom 100 og 150 svært interesserte bønder og landbruksentreprenørar tok turen, og vi merka oss at der var mange unge og lovande av begge kjønn. Ringleiar Sverre Heggset sto i spissen for det heile, og svinga røynd felt-mikrofonen mellom maskinleverandørane.

GPS kjem

Dagen starta med nokre faglege ord om bruk av GPS, som for alvor tar til å bli aktuelt i alle delar av landet.

Pass lufta!

" Torgeir Bakke frå Michelin Norge og Asbjørn Breivik frå Kr. Faksvaag hadde med seg vekt. Den frammøtte Fendt 718 Vario med front- og sidemontert slåmaskin vart klokka inn til desse vektene med heva maskiner: 4150 kg høgre bakhjul 2050 kg venstre bakhjul 2500 kg pr. framhjul 11200 kg aktuell totalvektUtstyrt med Xeobib på alle hjul tilseier dette 0,8 bar bak. Hadde hjula vore Michelins 65-profil, måtte lufttrykket vore 1,6 bar bak. Det er verd å hugse at lufttrykket omlag tilsvarer flatetrykket dekket har mot bakken.

Ikkje nok med god reiskap

Mellom A-K sine mange ekvipasjar fann vi den første Pöttinger-snittaren på norsk jord i moderne tid.Produktsjef Karl Birger Solhaug kan fortelje at den tre meter breie slepeslåmaskina med stengelbehandlar og sidedrag er bestseljaren, og at interessa for senterdrag har gått litt ned.– Hugs at god grasproduksjon startar når du set plogen i jorda, formana han. – Sjølv dei mest perfekte maskinene klarer ikkje lage godt fôr om forholda ikkje er godt tilrettelagt! Solhaug understreka også at du skal ta deg tid til å justere og stille inn riva, uansett type og fabrikat. Sett av ein time før du startar rakinga, for skal det vere meining i å rake må utstyret vere korrekt justert.

Sommarfugl med moderat effektbehov

Felleskjøpet stilte med feltvert Martin Torelis eigen butterfly, ein Kvernelandkombinasjon utan stengelbehandlar. Her kan breidda mellom dei to maskinene bak justerast inn om du køyrer mykje svingar, for å sleppe helgedagsstriper. Effektbehovet på skyssen er moderate 120 hk. Dei to maskinene bak veg 1600 kg, mens den framme er 800 kg.

Effektiv Lely

Landbruksteknikk Osmarka er regional importør av Lely grasutstyr. Dei viste mellom anna ei frontmontert slåmaskin, og med Lelys byggemåte med ein gjennomgåande drivaksling i slåttebjelken er effektbehovet vesentleg lågare enn hos konkurrentane. Tallerkane i maskina er ovale, slik at dei kastar meir på graset. Det er ein fordel om du vel maskin utan stengelbehandlar.

Italiensk publikumsmagnet

Vreten Norge viste for første gong ei av sine Repossi-river i drift for publikum. Denne riva har fått stor merksemd etter at Bedre Gardsdrift først omtalte den etter sist vinters Agroteknikk-utstilling, og merksemda var ikkje mindre på dei litt blaute bøane i Fræna. Riva fungerer slik at den løftar graset, og på eit vis rullar det skånsamt inn til senter av strengen. Med riva i front slepp du å trakke i graset før du skal lage dyrefôr av det. Ver klar over at riva klarer seg med ein svært mykje mindre traktor enn den i videoen. Om traktoren klarer å løfte maskina, og leverer 25-30 l/min med olje, har du så du klarer deg.

Teksten held fram under filmen.

Med plast over skuldra

McHale var på plass med nyaste generasjon Fusion, med breiplast som så vidt går over skuldra på ballen. Den 5,5 tonn tunge pressa vert levert med 710-hjul.

Tvilling på alt

Eikmaskin, som på andre grasdemoar har vist den interessante kombinasjonen iBio og Fendt 200 Vario, stilte her med den noko tyngre Fendt 500 Vario framom si lette kombipresse. Men dei viste også noko meir jordvenleg, ein MF 6475 med iBio, der alle seks hjul var utstyrt med tvilling. Slike løysingar er heilt vanlege på myrlendte Smøla. Den framviste ekvipasjen høyrer heime på Averøy.

Tvilling er pop att

Asbjørn Breivik frå dekkleverandøren Kr. Faksvaag fortalde at tvillinghjul tar til å bli populært att, etter eit par tiår med liten etterspurnad. Interessa minner snart om den vi såg på 70- og 80-talet, mens dei to siste tiåra har vore heller tamme.

Powered by Labrador CMS