fendt 820 fart uskarp q

Ny bråstopp for 50 km/h

Vegdirektoratet har brått oppdaga at ordninga frå 2008, som lar norske traktorar gå i 50 km/h, er utgått på dato. – Dette skal vi ta tak i, lovar statssekretær Geir Pollestad til Bedre Gardsdrift.

Publisert

Frå februar er det ikkje blitt typegodkjent nye traktormodellar med 50 km/h som toppfart. Dette kom som lyn frå ein litt uklar himmel.

Frå omlag februar i år har det vore uråd å få nye typegodkjenningar på traktorar som går i 50 km/h, og dermed også uråd å registrere dei, fordi traktorane ikkje tilfredstiller krav som Vegdirektoratet forventar at EU kan kome til å stille.

Bakgrunn

Fram til 2005 vart alle traktorar i Noreg typegodkjente etter nasjonale krav. Så vart det avgjort at vi skulle samordne oss med EU, men EU hadde verken då eller no eit felles typegodkjenningskrav for 50 km/h-traktorar. Frå 2005 til 2007 var det difor ikkje mogeleg å få registrert raske traktorar, fram til dåverande Samferdsleminister Liv Signe Navarsete skar igjennom med i romjula 2007, og opna for 50 km/h-traktorar godkjende etter norske krav.

50 km/h etter nasjonale krav i Europa

Det høyrer med til historia at svært mange andre europeiske land også har nasjonale godkjenningsordningar for raske traktorar, mens alle ventar på at EU skal klare å bli samde om noko felles. Det gjeld mellom anna dominante land som Tyskland og Frankrike, som begge stiller høge krav til trafikktryggleik.

Sov i timen, bråvakna

Ordninga som kom ved årsskiftet 2007/2008 var tidsavgrensa til 2010. Det har ikkje Traktor- og Landbruksmaskinimportørenes forening (TLIF) følgt opp, og heller ikkje bondeorganisasjonane. Vegdirektoratet oversåg også utløpsdatoen, fram til dei brått oppdaga den, og utan vidare seremoni avslutta ordninga. Dermed er det seld ei rekkje traktorar, der mange også er komne inn til lager, som ikkje lar seg typegodkjenne, og dermed heller ikkje registrere. Traktorimportørane har undra seg sidan februar kvifor dei ikkje fekk skilt til traktorane sine, og har på det viset oppdaga Vegdirektoratets nye praksis. Importørane har konfrontert traktorfabrikkane med dei norske typegodkjenningskrava, og får til svar at ingen landbrukstraktorar i Europa har papir av det slaget Vegdirektoratet krev. Direktoratet har nemleg sett føre seg kva reglar EU kan kome til å få, men denne spådomen er ikkje europeiske traktorprodusentar heilt med på.

Treng politisk avgjerd

Bedre Gardsdrift har som si barnetru at politikarane må bestemme reglane og forskriftene som direktorata og andre skal handheve, og tar difor kontakt med samferdsledepartementet. Statssekretær Geir Pollestad (Sp) lovar å ta tak i saka snarast råd. – I utgangspunktet hadde vi ei tidsavgrensa ordning i påvente av at EU skulle få klarlagt sitt felles regelverk. No som det enno ikkje er klart, må vi vurdere om vi skal vidareføre ordninga vi har. Eg ser ingen sterke motførestellingar, og mitt utgangspunkt er at eg framleis ynskjer at det skal vere mogeleg å kjøpe nye traktorar som kan gå i 50 km/h. Eg vil syte for at vi tar opp saka til ny vurdering så snart det lar seg gjere, men kan ikkje umiddelbart love kva dato vi får ei avgjerd på dette, seier Pollestad til Bedre Gardsdrift.

Ikkje farleg med 50

Norske bønder har fleire grunnar til å velje 50 km/h-traktor, på linje med mange europeiske yrkesbrør. Ei erfaring mange har gjort seg, er at trafikken flyt betre og det blir færre ugreie situasjonar. 50 km/h-traktorane er bygde med høgare krav til bremser og tryggleiksutstyr elles. Etter det Bedre Gardsdrift har oversyn over, er det særs sjeldan at fart over 40 km/h er eit moment når det skjer ulukker, enda dei raske traktorane nok ferdast høvesvis meir på vegen enn traktorar med lågare toppfart. Slik strukturen på landbruket er blitt, er det stadig lengre mellom teigane, og det blir meir forflytting av traktor og reiskap. Strukturendringane følgjer rasjonaliseringa som politikarane ynskjer, og då vil det vere naturleg å følgje opp slik at den nye strukturen lar seg drive så rasjonelt som råd.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS