michelin dekktrykkalkulator gubbe

Kalkulerer dekktrykket

Det har inga meining å kjøpe dyre dekk, om du køyrer med feil lufttrykk. Michelin rekkjer ut ei hjelpande hand med ein kalkulator på nett.

Publisert

Legg inn litt vekter og info, og vips så har du Michelins råd for rett dekktrykk. (Faksimile)

Her legg du inn kva vekter traktoren har framme og bak, kor tung reiskap traktoren skal bære, og avstanden frå tyngdepunktet på reiskapen til nav på næraste aksling. Dermed reknar kalkulatoren temmeleg nøyaktig kva vekt kvart dekk er utsett for, vel å merke så lenge belastninga er lik på høgre og venstre side. Sluttresultatet er eit tilrådd dekktrykk, som nok i mange høve er lågare enn kva du køyrer med til kvardags. Om du vil, kan du få utrekningane tilsendt på epost, eller du kan lagre dei til seinare.

Kalkulatoren fungerer også på treskar- og tilhengarhjul. Enn så lenge får du den på svensk, men så lenge skrivne tal er internasjonalt lett lesbare, bør det gå bra. Michelins dekktrykks-kalkulator finn du her.

I 2011 kom forresten Firestone med noko liknande, men då som app for epletelefon.

"
Powered by Labrador CMS