Orkel traktorhenger

Hengarmarknaden opp 15 prosent

Orkel er som vanleg i tet, framom Weckman og Foss-Eik. Marknaden er, som vanleg, prega av svært mange merke, men no er fleire enn før identifiserbare.

Publisert

Mens det er registrert litt færre nye traktorar i 2012 enn i 2011, går talet nyregistrerte tilhengarar solid oppover. For 2011 viser Bedre Gardsdrifts korrigerte tal 1986, viser våre mellombelse tal for 2012 ein totalmarknad på 2287 hengarar. Det er ein framgang på 301 stk, altså ein auke på 15 prosent.

Orkel er stabil

Orkels førsteplass er trygg, meir enn 80 hengarar framom nummer to. Talet nyregistrerte hengarar frå Orkel er nær identisk med 2011, med 385 mot 390.

Weckman litt opp

Nummer to er som vanleg Sisus Weckman, som har levert 20 fleire enn i 2011. Både Orkel og Weckman taper med det marknadsandelar, utan at det på noko vis trugar pallplassane.

God vekst vidare nedover

Alle frå tredje til tiandeplass har både vekst i tal registrerte hengarar og i marknadsandel. Foss-Eik sikrar atter tredjeplassen, men Palms veks enda meir og tar innpå. Nesten like stor vekst har Chieftain, som no er inne på niande.

Få går tilbake

Dei færraste merka har tilbakegang, men for dei det gjeld er tilbakegangen tidvis voldsom. Gigant er halvert frå 35 til 17. Bala Agri er nesten borte: 12 minus 10 blir to. Bigab taper ein tredel, frå 27 til 19.

Færre ukjende

Hengarstatistikken har hatt eit stort innhald av grå suppe oppgjennom åra. I fjor var 254 hengarar registrerte utan at merke var oppgitt. I år er det talet drygt 100 einingar lågare, noko som kan ha medverka til noko av framgangen for dei identifiserte merka.

Bedre Gardsdrifts korrigerte tal

Grunnen til at vi korrigerer tala vi får frå Opplysningsrådet frå vegtrafikken er at kjeldematerialet byggjer på kva trafikkstasjonane rapporterer inn. Der blir det stundom gjort feil. Som at tilhengarar som vart selde på 70-talet blir registert som nye, og at hengarar som er meinte for ATV kjem i kategorien for traktor. I slik statistikk vil det alltid vere feil, men tala du finn hos Bedre Gardsdrift skal vere så nære sanninga som råd. Difor tar vi ekstrajobben med å kvalitetssjekke tala.

Powered by Labrador CMS