Finalistane til Årets Traktor
Claas, Fendt, John Deere, Lamborghini, Massey Ferguson og New Holland er med, og også Kubota. Her er lista over finalistane!
No startar jobben med å kåre Årets traktor 2014.
Den europeiske juryen som kårar Tractor of the year har tenkt seg om, og plukka ut sju kandidatar til finalen, etter å ha blitt presentert kva traktorar som er på marknaden til neste år. Kvart land har ein representant i juryen, og Bedre Gardsdrift er som vanleg norsk jurymedlem.
No startar jobben med å avgjere kva traktorar som skil seg mest ut, og gi vurderingar på slikt som motor, førarmiljø, transmisjon, elektronikk, hydraulikk og så vidare. Vinnaren blir kåra 10. november klokka 12.00, i samband med Agritechnica i Hannover. Lista over finalistane er litt meir middelklasse-storleik i år enn tidlegare. Her er to heilt store, frå Claas og New Holland, mens resten av feltet er meir retta mot området der vi her i landet har litt større volum, i området 100 til ca 160 hk. For første gong i TOTYs historie er også Kverneland-eigar Kubota representert, noko vi ser fram til med spenning.
Bedre Gardsdrift kjem tilbake med omtaler og tekniske data av finalistane utover hausten. Her er lista:
Finalistar Tractor of the year 2014 Claas Axion 850 Fendt 516 Vario John Deere 6090 RC Kubota M 110 GX Lamborghini Nitro 130 Massey Ferguson 6616New Holland T 8.420 Autocomand
Finalistar Best of Specialized 2014 AEBI Viatrac Antonio Carraro TTR 4400 Goldoni Quasar 90Q+Lamborghini RS 110