1304reg-graf
1304reg-graf

Deere tilbake på sporet

Med ein solid april i boka er John Deere tilbake på fjorårsnivå og vel så det. Valtra er stadig nest størst med klar margin. Totalmarknaden viser stadig positive teikn.

Publisert

Sju prosent fleire traktorar fekk skilt dei fire første månadane i år målt mot same periode i fjor. I tal traktorar er oppgangen 74 stk. April åleine er 14 prosent betre i 2013 mot 2012. Mykje av æra for det går til John Deere, som klinkar til med 138 traktrar i ein smell. Dermed er hjorten framom skjemaet frå i fjor, og oppe på nesten 28 prosent marknadsandel så langt i år. Svært solid.

Valtra held posisjonen

Heller ikkje Valtra har ligge på latsida. Finnen held posisjonen som årets klare nummer to, godt framom dei to tredjeplass-kjemparane. Med 90 fleire nyregistrerte enn på same tid i fjor, og pluss 6,6 prosentpoeng marknadsandel, er det stadig grunn til glede i Valtraleiren.

(Mot) normalt (?)

Ser vi på tal traktorar, held dei fire merka på dei neste plassane ganske stø kurs. Her finn vi heile traktorprogrammet frå A-K og Eik, med Massey Ferguson, New Holland, CaseIH og Fendt. Avviket frå i fjor er på null til minus åtte, altså ikkje dei heilt store utslaga for merke med godt volum. I ein stigande marknad er det likevel ikkje godt nok til å halde posisjonen, så alle taper marknadsandelar.

Tre oppturar og to nedturar

Forutan John Deere (+24) og Valtra (+90!) må vi framheve det tredje merket med god vekst frå i fjor. Vi snakkar om McCormicks atterkome. Omlag ei dobling frå 14 traktorar etter april 2012 til 26 så langt i år tyder på at nokon har gjort noko rett.Verre er det i HCP-leiren. Zetor er på minus ni, som betyr at kvar tredje traktor er tapt frå i fjor, og tiandeplassen på lista står i fare for å gleppe til Kubota. Når samstundes Deutz-Fahr går tilbake 24 traktorar, frå 56 til 32, og dei andre merka er null eller der omkring, kan vi ikkje rekne med at der står fersk kake på bordet kvar dag i HCPs lokale. Deutz-Fahrs 32 traktorar er faktisk nøyaktig halvparten av kva merket ville hatt om marknadsandelen i år skulle vore lik den på same tid i fjor. Heller ikkje tala for JCB er lysteleg lesnad. Sju registrerte til no i år er tilbake seks frå same tid i fjor, og ordet "halvering" blinkar frå varsellampene.

Norsk og svensk bondesamvirke i tet

Så langt i år leverer dei to bondesamvirke-eigde importørane FK og Lantmännen Maskin meir enn annankvar nyregistrerte traktor. A-K og Eik er begge under 20 prosent. Hadde HCP vore eit politisk parti, ville dei uroa seg stort over å ligge akkurat på sperregrensa med sine 4,0 poeng av marknaden.

Grunn til glede

2011 var eit sjeldan godt traktorår. Så langt i 2013 ligg vi i gjennomsnitt ni traktorar pr. månad framom situasjonen i 2011. Dette kan bli kjekt.