død rose COLOURBOX1812518

Åtte omkom i landbruket i 2012

Arbeidstilsynets statistikk viser at 41 menneske omkom på jobb i Noreg i 2012. Av dei omkom sju i jordbruket og ein i skogbruket. Landbruket er den klart farlegaste næringa å arbeide i.

Publisert

Samlar vi tal frå Arbeidstilsynet over ulukker og frå SSB over tal tilsette i ulike bransjar, ser vi at sjansen for å bli drepen på jobb er ti gongar så høg om du er bonde, som for gjennomsnittet av arbeidslivet. Det er nesten fire gongar så farleg å arbeide i landbruket som innan bygg og anlegg.

Alle er menn

Alle dei omkomne i primærnæringane var menn. Denne første rapporten fortel ikkje kva som skjedde i dei enkelte ulukkene. Ein eigen rapport som skildrar kvar enkelt ulukke kjem i løpet av våren. Målet med den rapporten er å formidle kunnskap om kva som gjekk gale, så andre ikkje går i same fella.

Andre farlege bransjar

I tillegg til dei sju i jordbruket og han eine i skogbruket, omkom ein fiskar. Dermed er talet omkomne i primærnæringane totalt ni. Den første oppsummeringa av statistikken viser nemleg kor mange om omkom i arbeidsulukker, fordelt på ulike bransjar. Bygg og anlegg ligg likt med primærnæringane i tal omkomne på den dystre oversikten. I industrien omkom fem, mens det i sektoren for transport og lagring omkom fire. Sju av dei 41 som omkom på jobb hadde utanlandsk statsborgarskap.

Arbeidstilsynet vil føre tilsyn

Direktør Ingrid Finboe Svendsen i Arbeidstilsynet fortel at det var ein markant nedgang i talet dødsulukker fram til år 2000, mens situasjonen etter det har flata ut. Arbeidstilsynet gjennomfører flesteparten av tilsyna sine i dei mest risikoutsette bransjane, fortel ho.

Sjansen for å få ein inspeksjon er likevel heller liten i landbruket. I Bedre Gardsdrift nr. 4 2009 konstaterte vi at ei varsla dobling i talet tilsyn ville føre til at det berre går 65 år mellom kvar gong ein gard får besøk, mot kring 130 år slik situasjonen var fram til 2009.

"
Powered by Labrador CMS