fendt 820 fart uskarp q
fendt 820 fart uskarp q

Att og fram om 50 km/h

Norske traktorimportørar har hatt eit salig strev med å få ut nye 50 km/h-traktorar siste året. Traktorar med gammal typegodkjenning har gått fint, men nye versjonar og bruktimporterte traktorar har møtt underlege hinder. 

Publisert Sist oppdatert

Saka er i overkant kompleks og rotete til å gi ei full oppsummering, men kortversjonen er som så: For lenge sidan vart alt som kunne kallast traktor typegodkjent som traktor, enkelt og greitt. Så kom eit EU-direktiv som definerte traktorar med hastigheiter opp til 40 km/h, noko Noreg straks heiv seg på. Då vart det bråstopp for 50 km/h-traktorar ein periode, fram til dåverande samferdsleminister Liv Signe Navarsete greip inn og gav ein mellombels dispensasjon for norsk typegodkjenning av 50 km/h-traktorar. Denne dispensasjonen var tidsavgrensa, noko både traktorbransje og vegdirektorat gløymde, fram til sistnemnde brått oppdaga det, og utan forvarsel utilsikta sette ein stoppar for vidare registrering av 50 km/h-traktorar i vår. Så vart denne sperra oppheva fram til 1. juli, og etter det har det vore full stopp att. No kan det sjå ut til å løyse seg igjen.

Problem: Bremsekrav

Vi skal ikkje gå djupt inn på detaljane i dette, anna enn å nemne at problemet knyter seg til bremsekrav. Vegdirektoratet har siste året kravd å få sjå ein bremsetest for 50 km/h-traktorane som ikkje finst, og som heller ikkje blir kravd av noko anna land. Dette i påvente av felles EU-reglar. Bremsetesten er vanleg på lastebilar, der bremsene går i luft, men på traktorane går bremsene i oljebad, som gjer det uråd å teste etter same standard.

Oppfattar møte fundamentalt ulikt

For å gjere det heile enda meir rotete, kan vi melde at TLIF (traktorimportørane) og vegdirektoratet hadde eit møte i februar. Ut frå kva TLIF-representantane melder i etterkant av møtet, og kva direktoratet skriv i sine referat, ser det ikkje ut til at partane har vore på same møte eller snakka same språket. Det er også forklaringa på at utfallet etter BG tok opp saka med departementet i mai. Då fekk statssekretær Geir Pollestad til svar frå direktoratet at alt er i orden, trass i at det ikkje var situasjonen ute i den verkelege verda.

Løysing i sikte

No ser floka ut til å vere på veg mot ei løysing. Samferdsleminister Marit Arnstad har bede Vegdirektoratet instruere sine medarbeidarar i å å einast krevje kaldbremsetest, ei testprosedyre som i dag er vanleg for alle andre traktorar. Altså vil traktorar som er godkjende i andre EU-land med 50 km/h kunne bli godkjende også i Noreg. Dette vil gjelde både ordinær traktorimport og bruktimport. Sjølvsagt skal endringa gjennom ei lita byråkratisk kvern før den er gjort effektiv, men i løpet av temmeleg kort tid ser det ut til at ting kan vere i orden.

Bransjen vil sikre seg

TLIF vil den næraste tida gå nøye gjennom krava før eit nytt møte med Vegdirektoratet, for å sikre seg at regelverket er teneleg. Bransjen vil også be om at ordninga som no blir bestemt vil gjelde heilt til eit felles europeisk regelverk er i funksjon. I møtet vil også andre rutinar kring typegodkjenning stå på dagsorden, med mål om at tida til typegodkjenning og behovet for byråkrati kring dette er på så lågt nivå som råd.

"