Førerkort 2013

Vil ha tretrinns traktorlapp

I brevet til Marit Arnstad og Trygve Slagsvold Vedum ber vi om skjerpa krav for å få traktorlappen, men samstundes opning for å køyre 50 km/h med klasse T. 

Publisert

Det var på fredag Norges Bondelag, Traktor- og Landbruksmaskinimportørenes Forening og Bedre Gardsdrift sende eit felles, ope brev til Samferdsleministeren og Landbruksministeren.

T i tre trinn

Eit av krava er at reglane for traktorlappen blir endra. Vi ber om at dei to første åra med klasse T blir som i dag, med fartsgrense 40 km/h og største tillatte totalvekt for traktor og hengar er 25 tonn.Etter to år, eller frå fylte 21 år, blir i dag vektgrensa oppheva som i dag, mens fartsgrensa blir endra. Vi ber om at fartsgrensa frå dette tidspunktet blir heva frå 40 til 50 km/h. For å kunne køyre traktor med høgare hastigheit, ber vi om at du kan ta eit tilleggskurs.

Yrkessjåførkompetanse

Framlegget om endringar i klasse T vil også få bort det utilsikta kravet om at du må ha yrkessjåførkompetanse for å køyre traktor, for dette kravet er utløyst av at du i dag må ha CE for å køyre traktor om førarkortet er tatt etter 01.01.05.

Skjerpa krav til opplæringa

Vi ber samstundes om at nivået på føraropplæringa til klasse T blir heva vesentleg, ved ta desse grepa:- Ny læreplan - Nytt læreverk - Høgare krav for å få rett til å vere køyreskulelærar for klasse T. Vi ber også om at forholdet til traktorar blir tatt inn i all føraropplæring, slik at andre trafikkantar får ei betre forståing for traktorar i trafikken.

Les heile framlegget

I brevet, som du kan lese i sin heilskap her, er saka lagt fram slik:

" Føraropplæringa og yrkessjåførkompetansen Alle med førarkort tatt etter 01.01.2005 må ha klasse CE (vogntog) for å kunne køyre traktor med høgare hastigheit enn 40 km/h. Det er urimeleg strengt. Samstundes tillet den gamle ordninga at alle med førarkort klasse B kunne køyre traktor, utan farts- eller vektgrenser. Det er eit urimeleg lågt krav.Opplæringa til klasse T er særs svak: Læreverket er beint ut dårleg, det gir ingen svar på mange av dei viktigaste spørsmåla om traktorkøyring, og ikkje tilpassa verken traktorparken eller bruksområda i dag. Ein konsekvens av dette er at dei som tar klasse T ikkje har god nok kunnskap til å køyre så trygt som dei kunne gjort med ei god opplæring.For å gi opplæring på traktor, er det nok at køyreskulelæraren har utdanning for å gi klasse B. Under opplæringa til sjåførskulelærar klasse B finst der ingenting knytt til traktor, sjølv om det å køyre traktor er svært mykje annleis og stiller heilt andre krav til føraren enn ein personbil.Dersom du treng klasse CE for å køyre ein traktor, og lasset er slik at det kunne vore naturleg at nokon betaler ei godtgjersle for transporten, må føraren også ha yrkessjåførkompetanse. Dette kurset er ikkje tilpassa eller tiltenkt transport med traktor. Om vi fordeler kostnaden for yrkessjåførkompetanse og opplæring klasse CE over ein 20-årsperiode, er årskostnaden nær 15 000 kroner. Kravet gjeld like mykje om du køyrer ved til kårfolket, om du køyrer rundballar for naboen eller om du driv omfattande anleggsverksemd. Vi ber om at førarkortreglane blir endra, og at klasse T får tre trinn. Første trinn ynskjer vi som i dag, med avgrensing til 40 km/h og 25 tonn tillatt totalvekt. Alle som har hatt klasse T i meir enn to år eller er over 21 år får automatisk rett til å køyre traktor med 50 km/h som toppfart, og utan grense for tillatt totalvekt. Som trinn tre ber vi om at dei som har slikt behov kan ta eit tilleggskurs som opphevar fartsgrensa. Vidare ber vi om at forholdet til traktorar i trafikken blir tatt inn i all føraropplæring. Det må lagast ein heilt ny læreplan og eit heilt nytt læreverk for klasse T, og det må stillast høgare krav til køyreskulelærarane for å kunne gi opplæring på klasse T. Eit viktig mål med endringane må vere å betre tryggleiken knytt til traktor i trafikken.

Powered by Labrador CMS