1301reggraf

Pangstart for Valtra

Ein fugl gjer ingen sommar, og ein månad er spinkelt grunnlag. Dei store linjene er i alle fall greie: 2013 startar nært identisk med 2012.

Publisert

Valtra startar knallhardt, med kvar fjerde nyregistrerte og totalt 75 traktorar. Omtrent sånn var det i fjor og. Massey Ferguson går også hardt ut, og startar langt sterkare enn i fjor. New Holland startar litt svakare, og John Deere ligg eit langt stykke bakom normalen.

La oss ikkje tolke desse tala for mykje. Registreringsstatistikken viser kva traktorar det er kome skilt på, og ikkje kva som er selt. Det kan ta alt frå nokre få dagar til eit halvt år frå kontrakten er signert til vognkortet har fått blekk på seg, og det er også mykje av forklaringa til variasjonane vi ser.

Så difor oppsummerer vi kort og godt: Januar 2013 er på det jamne.

Powered by Labrador CMS