valtra veg 30219

Full forvirring om 50 km/h

Typegodkjenning og registrering av 50 km/h-traktora er årets store forundringspakke. Fleire gongar har alle trudd at alt er i orden, for så å oppdage at nye kjeppar står i hjula.

Publisert

Vegen fram til å få tilbake 50 km/h-traktorane som ingen politikar har ønska bort ser ut til å vere både smalare og meir kronglete enn denne.

50 km/h-karusellen har snurra heile 2013, med møte og brev og engasjement i alle retningar. Heile historia er nok til å fylle ei lita bok om krumspring med dobbelt tilbakeslag, så vi skal nøye oss med hovudlinjene.

Tørrtest på våte bremser

Vegdirektoratet oppdaga at både dei og traktorbransjen hadde gløymt at den mellombelse ordninga for typegodkjenning av 50 km/h-traktorar hadde gått ut på dato. Dermed tok Vegdirektoratet til å krevje bremsetestar for tørre bremser fordi dei trur det blir kravet på 50 km/h-traktorar i Europa, mens bremsene på traktorar flest går i oljebad. Dåverande statssekretær Geir Pollestad sa i vår til Bedre Gardsdrift at dette skulle ryddast opp i, og at samferdsledepartementet ikkje hadde nokon intensjon om å hindre raske traktorar. Utpå hausten var ting framleis ugreitt. Samferdsleminister Marit Arnstad svarte noverande statssekretær Bård Hoksrud at same type bremsetest som for 40 km/h-traktorar skulle brukast. Då trudde alle at alt var vel.

Laminerte frontruter

For å vere sikre reiste traktorimportørane i TLIF på møte med Vegdirektoratet seinhaustes, der dei fekk vite at ting var i orden. Så skulle kvar enkelt får kome tilbake med sine papir for å sjå over at ting verkeleg er ok, men då dukka det opp eit krav om laminert frontrute, eit direktiv utgått frå EU, men ikkje praktisert i noko EU-land, i tillegg til eit krav om bremsetest med tilhengar, noko heller ingen traktorfabrikk kan oppfylle fordi ingen i EU krev det. Dette er krav som aldri tidlegare har vore nemnde for traktorar her i landet. Både TLIF, bruktimportørar, Bondelaget og Bedre Gardsdrift har tatt opp saka med både direktorat og departement gong etter gong frå tidleg i vår, utan at det er godt å seie når ei avgjerd kan kome.

Må få godkjenning av godkjent traktor

" Bruktimportørane på si side blir møtte med krav om ekstra dokumentasjon av sete og setebelte på traktorar som alt er godkjende og registrerte etter EU-reglar i EU-land. – Heile greia er jo berre til å riste på hovudet av. I september fekk vi melding om at alt var OK, så då kjøpte eg inn traktorar til kundane mine som har gått og venta heile året på å få det dei ønska. Så fekk eg beskjed om at desse ikkje kunne godkjennast i Noreg fordi dei var førstegongsregistrerte i England etter 1. juli. Trafikkstasjonen insisterer på å godkjenne på nytt ein traktor som frå før er godkjent og registrert i EU, og mellom anna har eg fått krav om å vise dokumentasjon på at heilt vanlege Grammer-sete og beltet på desse oppfyller EU sine krav. Samstundes veit vi at leiaren for typegodkjenningsavdelinga i Vegdirektoratet har skrive at det ikkje skal krevjast ekstra godkjenning av køyrety som frå før er godkjende og registrerte i EU-land. Dette er ikkje godt å bli klok på. Det einaste fornuftige vil vere at traktorar som er godkjende for 50 km/h frå land i EU kan gå rett inn her i landet, utan at vi skal bruke ressursar på å overprøve godkjenninga dei har med seg frå før, seier Håvard Semmen, ein av dei store på bruktimport. – Saka har gått att og fram så det nærast er ein parodi. Kundane blir skadelidande fordi dei ikkje får maskiner dei har rekna med å kunne bruke, og vi som driv med dette har store kostnader til kapital som er bunden i maskiner som kundane har bestilt, men som vi ikkje kan fakturere. No nærmar vi oss årsskiftet, og då fell automatisk verdien på nye og nesten nye traktorar som står på lager med inntil 20 prosent. Det er på tide å få orden på dette, er den klare meldinga frå Semmen.

150 traktorar utan skilt

Importørane av nye traktorar har mellom 120 og 150 traktorar ståande på vent. Dette er traktorar som norske bønder har kjøpt, men som dei ikkje får levert ut fordi dei ikkje lar seg registrere. Seljarane kan heller ikkje krevje inn dei over 100 millionar kronene desse traktorane skal vere selde for, og kundane har ikkje maskinene dei har planlagt å bruke. – Det er jo ein fortvila situasjon. Først blir vi møtt med krav om ein bremsetest som ingen produsent av ordinære landbrukstraktorar kan oppfylle. Så, når det kravet er rydda av vegen og alle trur alt er OK og dermed bestiller inn traktorar til ventande kundar, kjem dette kravet om laminert frontrute. Det står ikkje på lista over tilgjengeleg utstyr verken hos våre leverandørar eller hos dei andre store traktorprodusentane, sukkar Ole Jakob Rustad, produktsjef for Massey Ferguson hos Eikmaskin og representant for bransjeorganisasjonen TLIF.

Forundring i departementet

Bedre Gardsdrift samarbeider med TLIF og Norges Bondelag i arbeidet med å få orden på trafikkreglane, og har saman med desse vore i kontakt med den nye politiske leiinga i samferdsledepartementet om denne og om fleire andre saker. Reaksjonen der på 50 km/h-problematikken, både frå politisk leiing og frå embetsverk, var djup forundring, fordi dei trudde at alt var i orden.

Grunnlause krav

Det er elles ingen særskilt grunn til å skjerpe krava til 50 km/h-traktorar ut frå krava som har vore lagt til grunn dei seinare åra. Bedre Gardsdrift fører detaljert statistikk over alle alvorlege ulukker med traktor, ein statistikk som det ikkje finst maken til hos andre aktørar. Statistikken viser at det skjer alt for mange alvorlege ulukker med traktorar, men fart over 50 km/h har ikkje vore det avgjerande i noko av det vi har registert. Ingen av dei mest alvorlege ulukkene ser ut til å skuldast for dårlege bremser, og i vårt materiale finst der ingen tilfelle der typen frontrute har hatt noko å bety i det heile. På traktor er det faktisk glaskvaliteten i sidedørene som kan vere eit problem ved utforkøyring og velt, men det gjeld berre i dei tilfella der føraren ikkje brukar belte. Bruk av belte er som BG-lesarane veit både påbode og særs fornuftig ved all køyring som kan føre med seg risiko for velt, altså all bruk i ugreitt terreng og all bruk langs alle typar veg.

Powered by Labrador CMS