1311reggraf
1311reggraf

Blått lys for traktorregistreringane

Dei første registreringstala som kan vere påverka av valresultatet viser nest dårlegaste november på svært, svært lang tid.

Publisert

Bedre Gardsdrift starta med registreringstal kvar månad i 2006. Frå då til no er det berre det særs dårlege året 2006 som har november svakare enn november 2013. Dette i skarp kontrast til trenden gjennom heile året så langt, med veldig solide tal som peikar mot eit godt år. Registreringsstatistikken for november er første høve til å sjå om valresultatet kan ha effekt på investeringsviljen i landbruket. Ein normal landbrukstraktor har leveringstid på ein plass mellom eit par veker og fire til seks månader, så enno må vi vente eit par månader før vi har eit sikrare svar. Enn så lenge er det ein urovekkande tendens å spore, og tala no underbyggjer meldingar importørane kom med då vi omtalte oktoberstatistikken.

Sikkert i toppen

For John Deere er det berre eitt spørsmål som utløyser spenning: Vil dei bikke 1000 traktorar eller ikkje før året er omme? November (45 stk) gav ikkje noko godt bidrag i den retninga, mens det jo såg langt lysare ut etter oktober (114 stk). JD manglar 85 traktorar på å nå den magiske grensa.

Spurtduell

Som vi melde førre månad, blir det kamp til målstreken om andreplassen. Massey Ferguson kryp stadig innpå Valtra. No er avstanden seks traktorar, før MFs tradisjonelt sterkaste månad. Begge har lagt bak seg ein god november, med 44 traktorar til Valtra og 51 til MF.

Ca. stabilt frå A-K

New Holland og CaseIH ofrar vi ikkje mange ord på denne gongen. I sum er dei nesten på nivå med fjoråret i tal traktorar, men den blå har ikkje klart å følgje veksten i marknaden. Dermed er samla marknadsandel noko ned.

Grønt går godt

Fendt held stadig stø kurs mot eit av sine beste år. Deutz-Fahr og Claas held følgje med veksten i totalmarknaden, og desse tre legg beslag på plassane seks til åtte. Førre månad antyda vi at det kunne bli spurtduell mellom Deutz-Fahr og Claas, men då må sistnemnde få opp dampen.

Tre traktorar mellom A-K og Eik

" Kampen mellom importørane er både klar og uavklart: Felleskjøpa er så store at ingen kan true dei, med 915 traktorar så langt. Det inkluderer FKA-dotter Reinhards registreringar av mindre John Deere-modellar. Andreplassen er langt meir open. Pr. no er Eik i tet med 688, tre traktorar meir enn A-K maskiner. Lantmännen ligg litt bak, på 653 traktorar. Om John Deere er største merke, er Agco klart største produsent. 1210 av registrerte traktorar så langt er frå den kanten, noko som tilsvarer drygt 36 prosent av marknaden.

Vi ventar i spaning

Då er det berre å vente på desember-resultatet, som for alvor vil vise om tendensen vi ser held fram. Under normale forhold skulle vi hatt omlag 450 nyregistrerte traktorar i desember 2013. Det ville gitt totalt 3775 traktorar i 2013, og med det eit svært godt traktorår. Vi tør ikkje heilt å tru at vi endar der.