trond kjempekjenn q

Trond Kjempekjenn ny leiar i TLIF

Eik-sjef Trond Kjempekjenn har overtatt etter Gunnar Thorud frå A-K som leiar av Traktor- og Landbruksmaskin-Importørenes Forening.

Publisert

Trond Kjempekjenn er ny leiar for interesseorganisasjonen til landbruksmaskinimportørane.

Kjempekjenn er adm. dir. i Eikmaskin, ein jobb han overtok nettopp etter Gunnar Thorud i 2008.

TLIF er interesseorganisasjonen for importørane av landbruksmaskiner, inklusive i-mek. Leiarvervet har brukt å gå på omgang mellom dei fire store, altså FK, A-K, Eik og Lantmännen. TLIF har 19 medlemsbedrifter, som steller med alt frå traktorar og treskarar til kraftoverføringsakslingar, orepinnar og korntørker.

Av oppgåvene organisasjonen steller med, er kanskje det å arrangere Agroteknikk i samarbeid med Redskapsfabrikkenes Landslag (RL) det mest synlege. TLIF fører statistikkar over maskiner og reiskapar i ei lang rekkje kategoriar. Organisasjonen har vore ein viktig medspelar til Bondelaget i den såkalla breiddegruppa, og dei to står saman med Bedre Gardsdrift bak den nye framstøyten om trafikkreglar for landbruksmaskiner som det vert jobba med no.

Powered by Labrador CMS