kjetting på traktorhjul trygg fast-trac 07
kjetting på traktorhjul trygg fast-trac 07

Siste dag med traktorkjetting

Sist måndag kunne du legge att kjettingane heime - i fall du er av dei svært få som praktiserer påbodet om å ha med minst tre kjettingar til traktoren og minst to til hengaren gjennom heile vinteren.

Publisert Sist oppdatert

No kan den bli att heime...

Om du ikkje er heilt med: Her i landet har vi ein regel som seier at alle køyrety med tillatt totalvekt over 3500 kg skal ha med seg to kjettingar til drivande hjul og ein til styrande hjul frå 1. november til første måndag etter påske. I Nordland, Troms og Finnmark er datoane frå og med 16. oktober til og med 30. april. Det gjeld også traktor. Har du tilhengar eller liknande i kroken, og denne er godkjent for over 30 km/h, skal også den ha med seg to kjettingar. Om du ikkje har med kjettingane kan vegen vere så berr den vil, straffa er bot uansett.

Det absurde kjettingkravet er eitt av fleire døme på elles fornuftige trafikkreglar som er blitt gjeldande for traktor utan at dei er tiltenkt ein slik funksjon. Regelen er av dei mange punkta som er nemnde opp i brevet som Norges Bondelag, Traktor- og landbruksmaskinimportørenes Forening og Bedre Gardsdrift sende ministrane Arnstad og Vedum 8. februar.

Dei to departementa er i gang med arbeidet med å svare på det omfattande brevet, og det vil ikkje overraske oss om kjettingkravet blir historie i god tid før neste vinter. Så heretter håpar vi at du kan klare deg med kjetting når føret krev det, og ikkje når kalendaren krev det.

"