1303reg-graf

Knallstart for Valtra

Tre månader inn i 2013 er stemninga alt anna enn finsk fjernsynsteater hos Lantmännen maskin: Valtra ligg berre åtte traktorar bak leiande John Deere, etter eit eineståande godt første kvartal.

Publisert

Den finske starten på traktoråret 2013 starta svært sterkt, heldt fram på det jamne og er igjen dønn solid, no som vi kikar på mars-tala. 190 registrerte traktorar på tre månader er nesten det dobbelte av kva Valtra hadde på same tid i fjor. Tar vi med siste kvartal 2012, har Valtra lagt bak seg sitt truleg sterkaste halvår i Noreg på svært, svært lang tid, og for første gong på lange tider er John Deere for alvor truga når vi ser på statistikk for meir enn ein månad om gongen.

Stadig i tet, men svekka

John Deere held fast på førsteplassen, men som vi har sett over lengre tid slit hjorten med å halde marknadsandelen. Så langt i år er det ingen som har tapt seg så mykje mot fjoråret i tal traktorar. Då skal vi hugse at John Deere ikkje i ein einaste månad i 2012 kom høgare enn på same tid i 2011. Det er krevjande, men også imponerande, å halde førsteplassen over så lang tid som John Deere har fått tradisjon for.

MF opp, New Holland og CaseIH litt ned

Dei to neste pallplass-konkurrentane har ein månad litt under snittet bak seg. MF har stadig pluss på saldoen målt mot fjoråret, mens New Holland og CaseIH går ørlite tilbake. Det gjer også Claas og Fendt. Endringane her er ikkje større enn at sjølv bønder med vedkløyvar bygd etter eldre HMS-standard kan telje det på fingrane.

Tunge dagar i HCP

McCormick kan notere det trivelege talet +9 i boka, som faktisk er ei dobling frå 2012. Deutz-Fahr har ei mindre triveleg melding med heim: Minus 20, og med det meir enn halvert frå fjorårets første kvartal og tilbake på nivået DF har ligge på dei tidlegare åra. Verre er det med Zetor, som er nede på delt tiandeplass med Kubota, og i snitt tre traktorar pr. månad så langt i år. Det er knapt ein tredel av kva som har vore normalen i ein gjennomsnittsmånad siste fem åra. Vi kan salte såret med å nemne at verken Lamborghini eller Iseki er å finne i statistikken heller, men ein einsam Same er inne.

Godt kvartal

Første kvartal 2013 er det nest beste på fem år, einast slått av 2011. Særleg må årets sterke februar ta mykje av æra for det. Januar var litt svak, men grei nok, og det same må vi kunne seie om mars.

Sjå på lange linjer

No må vi samstundes få legge til at statistikk månad for månad blir meir og meir misvisande, di raskare utskiftinga av traktormodellar går. Brått står eit merke med mykje i bestilling, men ventar enten på at modellen skal kome i produksjon, eller at papira på typegodkjenning skal få stempelet sitt, så skilta kan leverast ut. Difor er det all grunn til å vente at registreringstala går meir i rykk og napp no enn tidlegare, og dermed er dei lengre linjene av større interesse enn reine månadstal. Difor heftar vi oss heller ikkje med å samanlikne merka med tilsvarande månad i tidlegare år, eller bruke for mykje tid på månadstala elles.

Powered by Labrador CMS