Agritechnica 2007_1
Agritechnica 2007_1

Gjer klar til landbruksfest!

Om knappe 60 dagar brakar det laust. Nedteljinga til Agritechnica har starta! Meir enn 2700 utstillarar er klare, og nyheitene står i kø.

Publisert

Ingen annan stad i verda finst større innandørs utstillingsareal, og ingen andre utstillingar fyller så mange av hallane i Hannover som Agritechnica.

Er du interessert i landbruksteknikk, finn du paradis på jord i Hannover 12. til 16. november. Agritechnica for to år sidan slo alle sine eigne rekordar i omfang. Til årets utstilling er talet påmelde utstillarar enda større. Totalt over 2700, frå alle verdsdelar, men med særleg stort engasjement frå dei store aktørane i Europa. Aldri tidlegare er så stort areal tatt i bruk, kring 400 000 kvadratmeter fordelt på 24 hallar.

Nyheiter i kø

I vekene og månadane før Agritechnica har store og små maskinprodusentar pressekonferansar og forhandlarmøte i eitt sett, fordi slepptidspunktet for svært mange nyhende er tima til Agritechnica. Nyhenda får du i Bedre Gardsdrift. Det meste av Agritechnica-stoffet er i bladutgåva, men det vil også drype litt på nettsida.

Verdas største .

Der finst ingen andre stader i verda med større innandørs utstillingsareal enn i Hannover. Og på same vis som norske Agroteknikk er den utstillinga som legg beslag på størst utstillingsareal på Lillestrøm, er Agritechnica største utstillinga som finn stad i Hannover. Agritechnica er enkelt og greitt verdas største innandørsutstilling, og ei av dei tre største bransjeutstillingane i verda uansett reknemåte. Talet besøkande er heller ikkje å kimse av. Det er venta over 400 000 besøkande dei fem dagane utstillinga varer. Kvifor? Landbruk er ei viktig næring, ei næring der utviklinga går overveldande fort, og der det gjeld å følgje med om du vil vere med vidare.

Seminar og ungdomsfokus

Kvar time kvar dag er det nye seminar i tre av hallane, der ei av øktene også er simultantolka til engelsk. Temavalet spenner frå trafikkreglar og førarkort til korleis vi kan nytte avlingsregistreringar, robotisert grasproduksjon, om gjødslinga må endrast når klimaet endrar seg, korleis køyre meir drivstofføkonomisk, og korleis unngå ulukker i skogen. Ungdom og rekruttering er eit eige tema, med seks eigne seminar torsdag og fredag, ein stor paneldiskusjon og ein eigen ungdomsfest torsdag kveld, med mellom andre Peterson Farm Brothers til å underhalde.

Stadig fleire nordmenn

Det er hyggeleg å vandre i tyske utstillinghallar og treffe fleire og fleire nordmenn år for år. Hannover er i grei reiseavstand, men om du vil ha direktefly og hotell nær messa er du nok eit halvt år for seint ute. Godtar du å overnatte litt unna og vel ein annan flyplass eller reiser med tog eller bil, er det enno ikkje for seint. Det finst også enkelte gruppereiser der det kan vere ledige billettar. Sånne ting har utstillarkomiteen tenkt på, så dei har folk som kan hjelpe deg vidare. Du får kontakt via www.agritechnica.com.

Få ditt eige kart

Er der spesielle ting du vil sjå, kan du via nettsida eller ein eigen app lage ditt eige kart, som hjelper deg å finne dei utstillarane du vil besøke på mest mogeleg rasjonelt vis. Hallane er inndelte tematisk, så det går ganske fint å rusle på måfå også.

BG er der

Om du ikkje har høve til å reise, kan vi trøyste deg med at Bedre Gardsdrift stiller sterkt med stort minnekort på kameraet og sko innkjøpte for å takle situasjonen (førre gong viste skritteljaren 16 000 steg på ein dag). Vi lovar fyldige reportasjar når tida er inne.

Powered by Labrador CMS