agritechnica Agri_Medaille_persp_gold_frei_2013_k

Fire gull på Agritechnica

Claas haustesimulator, Merlo hybrid teleskoplastar, Rauch kunstgjødselspreiar med radar, og ein Grimme potetopptakar med luftrensing. Desse fire får gullmedalje på årets Agritechnica om halvannan månad, som årets viktigaste nyheiter.

Publisert

Med ein liten radar registrerer Rauch alt som er verd å vite om korleis gjødsla spreier seg, og kan korrigere innstillingane deretter.

Rauch konstaterer at gjødsel ikkje støtt er gjødsel. Nokre gongar er den råare enn normalt, andre gongar manglar du spreietabell, berre nokre veldig få tar prøver av spreiebiletet, og i alle tilfelle er det ikkje lett å spreie rett utan at du veit eksakt kva eigenskapar gjødsla har. For å bøte på det, har Rauch montert mikrobølgesensorar bak under spreieskivene. Som ein radar registrerer sensorane retning og hastigheit på gjødselkorna, og kalkulerer dermed både spreiebreidde og mengde, slik at gjødselspreiaren automatisk regulerer seg til å gjødsle så mykje og så breitt som du ber den om. Juryen vurderer dette til å vere banebrytande nytt, og premierer med gullmedalje.

Sorterer poteter med luft

Stein og klump er tyngre enn poteter. Dermed fell sånt ned på eit belte, mens potetene lett går vidare framover i maskina.

Grimme erstattar tottebelte og menneskehender med ein ny beltekonstruksjon og ei vifte. På det viset klarer dei å skilje poteter frå stein og jordklump, både meir skånsamt og effektivt enn på eksisterande maskiner. Bruken av luft er jo velkjent frå lettare grøder, som inni treskaren. Også amerikanske maskinprodusentar har prøvd seg med luftrensing av potet, om enn på amerikansk vis: Der har dei prøvd å motarbeide tyngdekrafta, noko som krev at viftene vert drivne av eigne aggregat. Grimmes løysing er noko meir drivstofføkonomisk.

Dataspel med nytteverdi

Nokre dataspel er meir nyttige enn andre. Claas sin haustemaskinsimulator er i denne kategorien.

Claas lar deg prøvekøyre haustemaskiner og traktorar online, i ein simulator. Meininga er at du skal kunne prøve ut ulike innstillingar før du går i gang med haustearbeidet, og på det viset raskare gjere godt arbeid når onnearbeidet går i gang på ordentleg. Simulatoren er også nyttig til opplæring av nye sjåførar.

Hybrid teleskoplastar

Hybrid teleskoplastar. Like sterk og allsidig som ein vanleg, berre med jamnare gange på motoren og mildare mot miljøet.

Merlo har putta inn ein batteripakke i eine teleskoplastaren sin, saman med ein el-motor og ein liten dieselmotor med generator på. I eit typisk arbeidssyklus for ein teleskoplastar er det mykje opp og ned med motorturtalet, og såleis vanskeleg å få motoren til å gå optimalt med tanke på økonomi og miljø. No tar batteripakken toppane i effektbehovet. Ved køyring der effektbehovet er meir moderat, køyrer lastaren reint elektrisk. Agritechnica er verdas største og viktigaste landbruksmesse, og blir arrangert i Hannover 10. til 16. november.

Powered by Labrador CMS