deutz-fahr land fabr 13

Deutz-Fahr får ny fabrikk

Ikkje nok med at Deutz-Fahr har fornya heile traktorspekteret sitt dei siste åra, og slått på stortromma med 9- og 11-serien. No skal all produksjonen inn i ny fabrikk i Launingen.

Publisert

Deutz-Fahrs nye fabrikk til venstre. Den gamle til høgre.

Den nye fabrikken, med arbeidstittelen Deutz-Fahr Land, får kapasitet på 16 000 traktorar pr. år. Bygningen får eit areal på 40 dekar under tak. Totalt 128 dekar innandørs og utandørs er omfatta av utbyggingsplanane. Fabrikken skal byggast på ny grunn på motsett side av vegen frå dagens fabrikk.

Testebane og hotell

I tillegg til produksjonsfasilitetane skal det byggjast testområde med bane, forutan museum, besøkssenter, butikk for profileringsartiklar og til og med eit eige hotell. Sjølve fabrikken blir bygd i L-form, med lakkavdeling i vinkelen. Dette vert einaste traktorfabrikken i Tyskland der både hytter og traktorkropp blir produsert under same tak. Logistikksenter for alt som skal til av komponentar vert integrert i den nye fabrikken. Før og etter lakk-avdelinga går produksjonen i rett linje. Langs linja blir det jamt med system for kvalitetskontroll, mellom anna bremsetest som handterer både høg hastigheit og ABS.

Nær trekvart mrd. kroner

Investeringa kjem på 75 millionar Euro (tilsvarer ca. 630 mill. norske kroner). Byggjetida er rekna til tre år. Arbeidet skal starte til våren.

Deutz-Fahr er lokomotivet

Deutz-Fahr står for kring 75 prosent av omsetjinga i Same Deutz-Fahr Group.- Traktorane i segmentet over 120 hk er svært viktige for oss. Det er traktorar i denne storleiken som skal byggast på fabrikken, for alle merka i konsernet, fortel Aldo Carozza frå familien som eig SDF Group. - Vi har hatt ei god utvikling dei siste åra. Samstundes har vi satsa offensivt både på nyutvikling og på denne planen om styrka produksjonsfasilitetar. Dette viser til fulle at vi skal vere av dei største aktørane på traktormarknaden også i åra som kjem, slår Carozza fast.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS